Kvar er rettferda i rettsoppgjer?

Erik Møse vil snakke om sine erfaringar som dommar ved FNs straffedomstol for Rwanda.

Høgsterettsdommar Erik Møse er dommar ved Den europeiske menneskerettsdomstol i Strasbourg. Han var medlem av FNs straffedomstol for Rwanda frå 1999-2009. Frå 1999-2003 var han visepresident, og frå 2003-2007 var han president.

Let's be fair er ein arrangementsserie i Bergen ressurssenter for internasjonal utvikling våren 2014. Føremålet med arrangementsserien "Let's Be Fair" er å utfordre etablerte oppfatningar av kva som er rettferdig. Kva tyder rettferd for vårt syn og forsking på økonomisk vekst, helse, bistand, samfunnsutvikling og fordeling?

I løpet av våren 2014 vil nokre av Noreg sine fremste forskarar innan ei rekkje disiplinar (økonomar, samfunnsvitarar, medisinarar, juristar og filosofar) som arbeider med temaet "rettferd" i si forsking besøke Bergen ressurssenter. Alle arrangement er gratis og opne for alle.