Store sivile tap etter amerikansk flybombing og manglande kulturell respekt har ført til at tilliten til dei internasjonale styrkane no er sterkt redusert i Afghanistan.

Alle snakkar om trong for ein ny strategi for Afghanistan og for ei politisk løysing, men svaret er så langt henta frå den gamle oppskrifta.  Det er krav om meir NATO soldatar, meir koordinering og meir afghanisering, medan skuld vert fordelt på og frå alle partar. Kort sagt: meir av det prøvde og meir av det same. Det er lite konstruktivt på eit tidspunkt då manglande resultat frå denne strategien hittil - og  20 års dag markeringa av den sovjetiske uttrekkinga -  fordrar sjølvransaking.

Høyre me på kva afghanarane og dei med langt fartstid i dette politiske spelet meiner, er signala klare. Det er nyleg kartlagt i ei stor nasjonal undersøking utført for BBC/ABC, og Chr. Michelsens Institutt (CMI) har for Norad kartlagt utviklingar og haldningar i Faryab provinsen der den norske innsatsen er konsentrert. Begge peikar i same retning: Tilliten til dei internasjonale styrkane er sterkt redusert over dei siste tre åra, og i Faryab er FN gått med i det dragsuget. Store sivile tap etter amerikansk flybombing, manglande kulturell respekt og fornekting av skadeomfang er ei hovedårsak til motstand. Det hjelper ikkje at fleire sivile vart drepne i Talibanangrep i 2008. Det er ikkje forventa noko anna av dei. I alt 40% fleire sivile vart drepen i 2008 enn året før. Taliban er antatt å vere ansvarlig for litt over halvparten. Det gjer likevel utanlandske styrkar ansvar for store sivile tap. Gitt denne motstanden i befolkninga er det vondt å sjå korleis fleire soldatar kan auka sikkerheita, spesielt når FN sin Generalsekretær og mange amerikanske talsmenn legg hovudskulda for forverringa på President Karzai og den afghanske regjeringa.

EU sin tidlegare representant i Afghanistan, Francis Vendrell, som har lengre fartstid enn nokon annen diplomat i Afghanistan, sa nylig til alle som ville lytte at ingen - INGEN - afghanere ønskje fleire internasjonale styrker.  Likevel er det einaste svaret frå USA og NATO så langt vore meir troppar, og at nasjonar som ikkje ønskje å bidra kan gje avlat i form av meir bistand. Her har heldigvis den norske forsvarsministeren vore tydeleg på at nettopp bistand og statsbygging er like viktig som styrking av det militære. CMI studien demonstrerte også til fulle dette poenget. Støtten til afghanske styresmakter frå lokalbefolkninga  er markert styrka i Maymane området etter at omfang av og kvalitet på bistanden vart auka - inkludert frå afghanske styresmakter si side.

Ynskje om betra koordinering og meir afghanisering er nesten uoppnåeleg med så mange utanlandske aktørar og ulike interesser. Eit spesielt problemet er det at  USA  ikkje ønskjer å kanalisere sine store utviklingsbidrag gjennom afghanske styremakter eller fond afghanarane kan ha innflytelse på. Dei vel å operera parallelt gjennom amerikanske selskap, NGOar og militære styrkar. Betre koordinering vil heller  ikkje løyse dei meir grunnleggjande problema som er  knytt til den enormt skeive maktbalansen mellom afghanske og utanlandske aktørar.

Skjeivheita fekk ein spesielt grell illustrasjon nyleg på den store internasjonale sikkerheitskonferansen i München.  Karzai heldt eit sterkt innlegg der hovedbodskapet var trong for ei politisk løysning. Den einaste utvegen han såg var forhandlingar med dei i Taliban som ikkje tilhøyrer den ideologiske kjerna med ein internasjonal agenda. Han vart fullstendig oversett. Dei påfølgjande  amerikanske og britiske talarane vektla kor viktig det var med styrking av den  militær innsatsen. Den britiske forsvarsminister presiserte at her var det trong for mindre 'fredsmentalitet' og mer 'krigsmentalitet'. Dette skjer medan sovjetiske kommentatorar undrar seg over kor lite som er lært av dei feila dei gjorde, og medan Taliban har sikra seg innflytelse heilt inn til Kabul.

Det er derfor tvingande nødvendig å tenkje alternative løysningar, og å peike på det som også er feil hjå "oss".

Bitane i ein alternativ strategi har lenge vore diskutert, og den er temmelig klar. Afghanistan ekspertar som Barnett Rubin og Ahmed Rashid peikar på trongen av regionale diplomatiske initiativ. Afghanske leiarar og mange politikarar har lenge krevd forhandlingar med Taliban, og både afghanarar og internasjonale ekspertar har foreslått eit styrka amnesti program. Det er mange høve for iverksetjing av konfliktløysande og  tillitskapande tiltak på nasjonalt og lokalt nivå, noko CMI nyleg har laga en oversikt over i rapporten "Conciliatory Approaches to the Insurgency." .

Men det viktigaste er likevel at den militære strategien vert moderert. Det verkar fullstendig mot sin hensikt når NATO iverkset offensive operasjonar mot lokale Taliban eller stammar som ikkje samarbeider med sentralregjeringa. Mange av  dei er ikkje nødvendigs 'militante', eller terroristar for den del. Det er ofte lokale Taliban som prøver å oppretthalde ein form for lov og orden, eller grupper som støttar Taliban avdi dei har tapt makt i lokale stammefeider (gjerne til dei med regjeringsstøtte). Denne konfliktdynamikken har vore kartlagt i fleire studiar av provinsar i sør, mellom anna Zabul og Uruzgan. NATO må her føre ein "live and let live" strategi.

Ein meir snever og fokusert militær strategi er nødvendig, ein som kan bygge opp under ein forhandlings strategi, overlate meir til afghanske styrker om nødvendig, men unnlet å bruke afghanarar som milits.

Ein auke av NATO sin militære styrker i Afghanistan vil først og fremst tene Taliban sin propaganda om at NATO er ei invasjons- og okkupasjonsmakt, på linje med Sovjetunionen. Det er liten grunn til å tru at fleire styrkar under amerikansk leiing vil føre ein meir effektiv "counter-insurgency" krigføring enn NATO hittil har gjort. Dei kjenner ikkje landet, og vert lett manipulert i lokale maktfeider. Fleire soldatar på bakken vil trulig medføre meir innkalling av  flystøtte når soldatane vert utfordra i avsidesliggjande dalar. Kort sagt; NATO kan berre ha ein sjanse til å lukkast militært dersom dei vert ei effektiv okkupasjonsmakt - men då har dei tapt politisk.

Det positive i dagens bilete er at nokre stader er det større tillit mellom afghanarar til lokale styresmakter og tru på at økonomisk gjenreising er mogeleg. Det viser Faryab studien CMI laga for Norad. Men då er det helt avgjerande, som Noreg har demonstrert i Faryab, at økonomisk støtte og utviklingsprosjekt  ikkje vert kopla til det utanlandske militære nærværet. Tvert om bør økonomisk støtte umiddelbart leggje forholda til rette for å redusere det militære nærværet.

Ein offensiv norsk strategi må derfor vere å søkje innflytelse på amerikansk strategiutvikling. Sa ikkje President Obama noko om trong for å lytte framfor fortsatt åleinegang?

Recent CMI publications: