CMI FOTO: Thor Olav Iversen

Det er overraskande kor lite me eigentleg veit om å overvinne fattigdom etter femti år med utviklingsforsking.

Etter kva rykta seier, vart FNs tusenårsmål teikna opp på ein serviett over ein enkel lunsj ein stad i Verdsbanken-systemet. At det vart plass på ein serviett, og at mange av måla var realistiske, er truleg forklaringa på det store gjennomslaget måla fekk i utviklingsdebatten.

Den gongen fekk høge mål ikkje berre gjennomslag i debatten, men etter alt å døme førte dei også til ein konsentrasjon av pengar og ikkje minst intellektuell kapasitet.

Verdas politikarar, byråkratar og forskarar konsentrerte innsatsen om nokre få mål, ikkje minst ekstrem fattigdom, skulegang for ungar, og talet på born som døyr før dei startar i skulen.

Me veit no at det har vore store framsteg berre i løpet av desse 15 åra som er gått sidan tusenårsskiftet. Dei neste dagane vedtek verdas leiarar FNs nye tusenårsmål for å overvinne fattigdom, som skal gjelde for perioden 2016- 2030.

Mange er uroa for at den manglande evnen til å fokusere og prioritere blant gode formål, skal bety at innsatsen på dette viktige området svekkes.

Det kan vere nyttig å minne oss sjølve om kva det vil seie å vere ekstremt fattig. I denne samanhengen er det å leve for under ein dollar om dagen (justert for lokale prisar). Ein fattig familie på fem vil då kunne ha ei månadsinntekt på 750 kroner.

Når mange er så fattige, oppstår det marknader for denne gruppa. Ein familie kan leige eit rom i Nepal utan toalett og innlagt vatn for 300 kroner i månaden. Etter at husleiga er betalt, vil dei sitje att med 450 kroner til mat og andre utgifter.

Verda klarte altså å halvere fattigdomen på 10 år, så kanskje det er fullt mogeleg å fjerne all fattigdom i løpet av dei neste 15 åra. Mange familiar går inn og ut av fattigdom. Småbønder som får ei dårleg avling, eller fabrikkarbeidarar som mister jobben, kan falle under fattigdomsgrensa eitt år, og vere attende på oppsida neste år.

Så ein fattigdomsgrad på tre prosent kan innebere at seks prosent av verdas befolkning til ei kvar tid står i fare for å verte fattig. Nokon vil meine dette fordoblar problemet, men kanskje det er betre at seks prosent av befolkninga er fattige halve tida, enn at tre prosent er fattige heile tida.

For å kunne diskutere realismen i målsetjinga om å fjerne ekstrem fattigdom, må me vite kvar dei fattige bur. I 1990 var det nesten 1,9 milliardar menneske (36 prosent av verdas befolkning) som levde på under ein dollar om dagen.

I 2011 var det «berre» ein milliard menneske (15 prosent) som var ekstremt fattige. 400 millionar av dei bur i Sør-Asia, 415 millionar i Afrika, og 160 millionar i Øst-Asia (inkludert Kina). Dei mest folkerike landa har også flest fattige.

Fire land har over halvparten av verdas fattige, det er India (30 prosent), Nigeria (10 prosent), Kina (8 prosent), og Bangladesh (6 prosent). Dette er land med sterk økonomisk vekst, som i stor grad kan forklare kvifor fattigdomen har falt så fort.

Det meste av reduksjonen har kome i Kina, der dei fattige har flytta inn til urbane område der dei ikkje minst produserer varer for eksport. I Sør-Asia har ikkje dei fattige tent like mykje på den økonomiske veksten.

Det er stor tilgang på ufaglært arbeidskraft som driv ned lønsnivået for dei fattige. Trass positive tal frå Afrika, der mange land har ein god økonomisk vekst, så er det framleis altfor mange fattige. Veksten kan forklare at andelen fattige i Afrika har falt frå 57 prosent i 1990 til 47 prosent i dag, men sidan befolkninga samstundes har auka, er det likevel 415 millionar fattige i dag, mot 290 millionar i 1990.

Ein skal vere varsam med å spå om framtida. Truleg vil afrikanske økonomiar ha høg vekst, sidan dei starta på eit lågt nivå. Men det er avhengig av mange faktorar, ikkje minst om landa er politisk stabile og kan unngå krig og konflikt.

Kina og India, som har hatt ein god vekst i fleire tiår, må rekne med at veksten flatar ut. Desse landa er likevel på eit inntektsnivå der fortsatt vekst vil løfte mange ut av fattigdom. Verdsbanken tek omsyn til slike faktorar når dei meiner at me i 2030 vil praktisk talt berre har fattige att i Afrika (330 millionar).

Mange forskarar, men også byråkratar og politikarar, har ein tendens til å fokusere anten på såkalla urban eller rural sektor. Det går i bølgjer kva utviklingsstrategi som til ei kvar tid er populær. Nokon har til og med samanlikna utviklingsdebatten med moteindustrien.

Løysinga er nok å prøve mange strategiar samstundes. Dei fleste fattige bur på landsbygda, spesielt i India. Men også i mange afrikanske land kan ein framleis hjelpe store delar av befolkninga gjennom forbetringar av landbruksteknologi og tilgang til marknader.

Produktiviteten i landbruket varierer mykje over relativt korte avstandar. Me treng å forstå kvifor landarbeidarar frå Bihar og Nepal ikkje tek med seg ny teknologi som dei ser fungerer i Punjab. Årsakssamanhengane er komplekse, og sjølv om me har forska på dette sidan 50-talet, tyder alt på at me ikkje fullt forstår desse mekanismane for spreiing av teknologi.

Det gjeld òg såkalla privat sektor-utvikling. Forskarar har rekna ut at den potensielle avkastinga på kapital er svært høg i næringar utanfor landbruket i mange fattige land. Likevel vert det ikkje investert, og ofte av gode grunnar.

Igjen har forskarar prøvd å forstå desse skrankane for nye investeringar. Men det er overraskande, og frustrerande, kor lite me eigentleg veit etter femti år med utviklingsforsking. Kollegaene mine vil likevel peike på at det er mange mekanismar me faktisk forstår.

Mikrofinans kan fungere, i det minst nokon stader og for nokre grupper. Utdanning for jenter ser ut til å ha ein god effekt på mange velferdsindikatorar. Vegar og elektrisitet er naudsynt, men kan ha høge kostnader, spesielt i grissgrendte strøk. Direkte pengeoverføringar ser ut til å fungere, spesielt viss dei vert knytt til at familiane sender ungane på skulen. Så me veit noko om kva som fungerer, og under kva forhold, men likevel overraskande lite.

Magnus Hatlebakk

Senior Researcher; Coordinator: Poverty Dynamics