AFGHANISTAN. Det tragiske drapet på ein norsk ISAF-soldat i Maymaneh gjev grunn til refleksjon. Det er rein fantasi å tru at NATO og ISAF kan knuse motstanden i varig forstand.

Utanfor kjerneområda. I Nord-Afghanistan har det norske militæret nyleg delteke i ein omfattande og lenge planlagt militæroperasjon. Saman med afghansk hær og politi har dei gått utanfor det som til no har vore norske kjerneområde - for å demme opp for det NATO definerer som ein militær trussel.

I Noreg stiller statssekretær Espen Barth Eide (Ap) spørsmål ved NATO sin overordna strategi i Afghanistan.

Verken tryggleik eller utvikling. Offensiven i nord er ein vidareføring av den strategien NATO, og den separat leia amerikanske Operation Enduring Freedom, nyttar i Sør-Afghanistan. På tross av ein stadig kraftigare innsats og aukande troppestyrkar, har NATO der verken klart å skape tryggleik eller utvikling. Dei har faktisk langt mindre kontroll i dag enn i 2002.

Ulike Taliban-fraksjonar og andre styrkar med våpen og ulike agendaer, tek kontroll over område stadig nærare Kabul. Det er no utrygt for både utlendingar og ikkje-lokale afghanarar å reise meir enn ein time sør for hovudstaden.

Ikkje fylt tomrommet. Barth Eide si forklaring er at sjølv om NATO kan ha nedkjempa Taliban i enkelte område, har ikkje det internasjonale samfunnet tetta tomrommet som då er skapt med bistand og støtte til styresmaktene. Dette er berre delvis rett. To andre forklaringar kjem oftare fram i intervju med afghanarar.

Den eine er at den måten dei internasjonale styrkane opererar på i sør har vore unødig hardhendt, og har ført til mobilisering og samling mot det som er oppfatta som ei invasjonsmakt.

Den andre er at dei ikkje ser noko positivt i den afghanske staten, den er tvert om assosiert med korrupsjon, maktmisbruk, svakt rettsvesen og involvering i narkotikahandel. Dette regimet ser dei NATO påtvinge dei med militær makt. Då hjelper det lite om maktmidla vert "sukra" med bistand.

Ikkje konfliktfrie. Nordområda har vore relativt fredelege til no, men dei er langt frå konfliktfrie. Skilnaden er at makta her er fordelt mellom fleire sterke militære og etnisk differensierte grupper, og at NATO og Noreg inntil nylege ikkje har ført ein aggressiv militær strategi. Men om tryggleiken har vore betre for dei internasjonale styrkane, har den ikkje nødvendigvis vore det for afghanarane.

Statsstyringa har ikkje vore noko betre. Dyrking av og handel med narkotika har vore inntektskjelde for dei same kommandantane. Med store økonomiske ressursar og trusselen i nord frå Taliban mot dei pashtunske minoritetsgruppene, har kommandantane nytta høve til å handle våpen og å styrke seg militært.

Ein føderal stat. Karzai-regjeringa sitt ønskje om å sikre sentralstaten større makt, er heller ikkje velkome. Tanken om ein føderal stat ligg like under overflata, slik debatten om den nye grunnlova i 2004 viste.

Mindre kommandantar ser på sentralregjeringa og president Karzai som "greie" når dei gjev dei økonomisk støtte, men som er ein trussel når dei ønskjer større kontroll, særleg når den er støtta av internasjonale militære styrkar.

Felles fiende. Historia viser korleis grupper som i utgangspunktet har stått steilt mot kvarandre, har søkt saman mot ein felles fiende. Det erfarte både britisk-indiske styrkar på slutten av 1800-tallet, og sovjetiske styrkar hundre år seinare. Afghanarane har slett ikkje alltid kjempa samla, men kvar for seg har dei utgjort ein større og meir vilkårleg trussel mot dei som søkte militær kontroll.

Det er verdt å merke seg at den norske militære sjefen i Faryab tidlegare har antyda at folk innanfor lokalregjeringa og politiet kan ha stått bak angrepet på norske styrkar i provinsen.

Både det afghanske parlamentet og president Hamid Karzai forstår dette. Parlamentet har gitt eit generelt amnesti til den militære opposisjonen, som rettnok inkluderte mange av deira eigne overgrep. Karzai har kritisert dei internasjonale styrkane sitt maktmisbruk og manglande kulturell forståing og invitert Taliban og andre militære opponentar til fredsforhandlingar. Han har vore kritisert av dei som fryktar å miste makt i Kabul, medan NATO berre etterspør fleire militære styrkar til sine militære operasjonar.

Rein fantasi. Derfor er det rein fantasi å tru at NATO og ISAF kan knuse motstanden i varig forstand. Slår dei den ned militært ein stad, dukkar den oppatt ein annan stad. NATO-styrkane kan ikkje halde område der kampar er vunne, med mindre det vert sette inn tusenvis av styrkar. På sikt er tanken at den afghanske hæren og paramilitære politistyrkar skal gjere dette. Men det ligg nokon år fram i tid. Afghanske styrkar vil heller ikkje då greie oppgåva dersom regjeringa i Kabul og deira lokale representantar manglar legitimitet. Det erfarte tidligare president Najibullah. Sjølv om regjeringa sin samla styrke var godt over 200 000 (på papiret), smuldra den opp.

Lokale forhandlingar. Kva er så alternativa? Det kan leggast større vekt på lokale forhandlingsstrategiar, slik den britane prøvde ut i Musa Qala i Helmand. I søraust er liknande initiativ på gang. Religiøse leiarar frå seks provinsar samla seg tidligare i år til ein "fredsjirga" (med støtte fra Tyskland) og ba Karzai om fullmakt til å forhandle med lokale opprørsgrupper. Men, understreka dei, NATO må også aktivt støtte eit slikt initiativ, elles er det fånyttig.

Det var nett det som skjedde i Musa Qala. USA bomba effektivt avtalen i filler fordi det ikkje passa inn i deira strategi. Dermed vart Musa Qala feilaktig et symbol på at forhandlingar ikkje nyttar.

USA legg ikkje om. Utfordringane Noreg då står overfor, er mange. USA vil neppe leggje om sin noverande Afghanistan-strategi. Tvert imot. Jo vanskelegare det vert i Irak, og jo meir ein tilbaketrekning der tvingar seg fram, dess politisk viktigare vert det for Washington å vise at ein held fram i "krigen mot terror" ved å styrke innsatsen i Afghanistan. Det betyr utvilsamt også meir press på andre NATO-land til å bidra militært.

Barth Eide framhevar at FN må få ein større rolle i Afghanistan, men dette passar dårleg med USA sin offisielle politikk.

USA vil ikkje ein gang gå inn i felles koordineringsmekanismar for økonomisk bistand til landet, og har ivra for at NATO skal få ein politisk "super envoy" i Kabul. I praksis vil han/ho konkurrere med FN sin spesialrepresentant.

Fredsbyggjaren Norge. Å stake ut vanskelige, men viktige alternativ til ein raskt akselererande krig, er vel likevel noko som burde passe Noreg sin rolle og nisje som fredsbyggjar. Det betyr støtte til lokale fredsforhandlingar i samordning med militærstrategiar tilpassa deretter - og ikkje omvendt.

Elles er den kjende lista lang: Støtte til FN, fredsbevaring, langsiktig oppbygging og haldningsendring innan hæren og politiet, sterkare satsing på kapasitetsbygging av den afghanske staten, og press for djuptgripande reformer som kan endre afghanarane si oppfatning av staten.

På sikt kan det fylle det tomrommet Barth Eide korrekt observerer, men ikkje dersom det vert kobla til militære offensivar mot ein uklar fiende.

Recent CMI publications: