Kvinner på frammarsj

Islam er inne i ei veldig endring i liberal retning, meiner forskar.

Individets - og ikkje minst kvinnenes - rettar får stadig større plass, meiner religionshistorikar og CMI-forskar Anne Sofie Roald.

- Då du presenterte boka «Muslimer i nya samhällen» sist veke, sa du at dei ekstreme kreftene i islam er på retur. Du meiner det skjer ei liberalisering, og at «om 20 år er alt gløymt». Kva byggjer du det på?

- Alt vil ikkje vere gløymt, men veldig mykje. Sidan eg konverterte til islam i 1982 har det vore ei enorm utvikling, både når det gjeld synet på kvinner og synet på terror. Det har kome mange ulike tolkingar av islam, det i seg sjølv skaper ein endringsprosess. Denne utviklinga kjem til å halde fram.

- Men samtidig var det i 1983 at vi såg den første verkeleg store terroraksjonen utført av muslimske sjølvmordsbombarar, mot amerikanske og franske soldatar i Beirut. Sidan har vi sett ei rekkje terroraksjonar utført i namnet til islam. Er ikkje det ei utvikling i stikk motsett retning?

- Vi har sett ei utvikling i to ulike retningar; både til det betre og til det verre. Det eg siktar til når eg meiner det går i rett retning, er særleg synet på kvinne- og kjønnsspørsmål. Før vart du stempla som vantru dersom du hevda at islam er prega av at menn har stått for religions- og lovtolkinga. Nå blir det akseptert at enkelte meiner dette, også innanfor islam.

Samtidig har det skjedd ei radikalisering. Dette heng for det første saman med det mange muslimar ser på som vestleg innblanding og urett: I Irak, i Afghanistan og ikkje minst i Palestina. Det har vore ei veldig bevisstgjering rundt dette, blant anna gjennom globaliseringa av media. Folk får det som hender rett inn i stovene sine. I tillegg kjem ein motreaksjon mot det enkelte meiner er ei alt for sterk frigjering og liberalisering, for eksempel for muslimske kvinner. Utviklinga går aldri i rette linjer, det vil alltid vere reaksjonar og motreaksjonar.

- Korleis artar kvinnefrigjeringa i islam seg?

- Det er ein veldig kamp om desse spørsmåla innan islam. Det finst ei feministisk rørsle som kanskje ikkje er så religiøse, men som ser at dei må gå via islam for å få til endringar, fordi samfunna er så påverka av religionen. På den andre sida har du dei kvinnene som står for det meir tradisjonelle synet. Også menn deltek i debatten. Biletet er veldig komplekst. Vi må hugse at det også finst veldig mange sekulære muslimar. Islam er ein stor religion, spreidd over heile verda.

- Du meiner etterkomarane etter muslimske innvandrarar vil bli meir og meir liberale etter som tida går, blant anna fordi dei blir påverka av det norske skulevesenet og samfunnet rundt dei. Samtidig har vi sett at mange muslimske terroristar dei siste åra har vore fødd og oppvaksne i Vesten. Somme av dei har også vore konvertittar. Korleis heng dette saman?

- Eg snakkar om det store fleirtalet av etterkomarar. Hos dei vil vi sjå ei liberalisering. Samtidig vil det alltid vere ytterleggåande grupper som går motsett veg. Hos desse er det ei sterk kjensle av at muslimar blir utsett for urett: Dei opplever for eksempel at eit palestinsk eller afghansk liv ikkje er verdt fem øre, samanlikna med eit vestleg. Eg seier ikkje at det er slik, men det er slik dei oppfattar det.

Det kan også vere eit element av ungdomsopprør; somme søkjer mot det som absolutt ikkje er akseptert av samfunnet, fordi dei kjenner seg marginalisert eller opplever at dei blir utsett for islamofobi.

- Meiningsmålingar blant muslimar i Storbritannia har vist at så mange som ein av fem har sympati med kjenslene og motiva til sjølvmordsbombarar. Korleis er haldningane her i Noreg?

- Eg kjenner ikkje til at det er gjort tilsvarande meiningsmålingar blant muslimar i Skandinavia. Men eg trur fenomenet er mykje mindre her, i alle fall i Sverige og Noreg. Vi har ein annleis sosialpolitikk, som fangar opp dei som fell utanom på ein annan måte enn i Storbritannia. Der har dei også mange fleire innvandrarar, med heile byar med nesten berre muslimar. Vi ser at slike parallelle samfunn skaper problem.

- Du skriv også om problema med at norske skilsmisser ikkje alltid blir akseptert i muslimske land, og at dette skaper vanskar; særleg for muslimske kvinner som vil skilje seg. Du foreslår at norske trussamfunn ikkje lenger bør ha vigselsrett?

- Ja, eg meiner det er prinsipielt viktig å skilje mellom lov og tru. Lova bør vere reservert for staten. Slik det er i dag, blir vigselen ein religiøs kontrakt. Etter norsk rett har mann og kvinne lik rett på skilsmisse, men dette blir problematisk for mange trussamfunn: I islam har ikkje menn og kvinner lik rett til å krevje skilsmisse, i katolisismen kan ekteskapet i prinsippet ikkje løysast opp i heile tatt. Vi ser at ein del muslimske kvinner hamnar i «haltande ekteskap»; dei er skilde etter norsk lov, men ikkje blir rekna som skilde i landet dei kjem frå, eller i trussamfunna dei høyrer til. Det beste hadde vore om vigselen var noko som staten tok seg av. Så kunne dei nygifte gå til moskeen eller kyrkja eller synagoga etterpå, for å få ei velsigning, dersom dei ønskte dette. Etter kvart vil dette kunne føre til at også skilsmisser blir sett på som noko som handlar om norsk lov, ikkje om kva gud du trur på.

Les hele intervjuet på bt.no

Recent CMI publications: