Åse Gilje Østensen (UiB) i samtale med Øyvind Strømmen (forfattar og journalist) og Elisabeth Ivarsflaten (UiB).

 

I Ungarn har det høgrenasjonalistiske partiet Jobbik fått relativ stor oppslutnad og har sidan 2010 vore Ungarn sitt tredje største parti. Men denne trenden er ikkje eit særungarsk fenomen då fleire land i Europa står ovanfor liknande høgreradikale utfordringar.

Kva kjenneteiknar høgreekstremisme og kven er ekstremistane? Kvar går grensene mellom høgrepopulisme og ekstremisme? Kva er årsakene og konsekvensane av denne typen utvikling? Kva lokale og globale mønster finn ein?

 

Med oss i dette frukostforumet har vi forfattar og journalist Øyvind Strømmen og forskar Elisabeth Ivarsflaten (UiB).  Strømmen er ekspert på  høgreekstreme aktørar i og utanfor Noreg. Strømmen har mellom anna gitt ut boka "Det mørke nettet. Om høyreekstremisme, kontrajihadisme og terror i Europa" (2011) og boka "Den sorte tråden. Europeisk høyreradikalisme fra 1920 til i dag" (2013). Ivarsflaten er statsvitar og arbeidar som førsteamanuensis ved Institutt for samanliknande politikk i Bergen. I si forsking har Ivarsflaten særskilt konsentrert seg om høgreradikale parti i Europa.

Kaffi, juice og croissantar blir servert - velkomen!