Åse Gilje Østensen(Sjøkrigsskolen) i samtale med Martin Paulsen (UiB) og Geir Flikke (UiO). 

 

 

Ukraina står midt i si verste politiske krise sidan landet vart uavhengig i 1991. Kva vil skje med dei ulike folkegruppene på Krim ved ei lausriving frå Ukraina? Kvifor er Krim-halvøya så viktig for Russland? Er Krim-prosessen i tråd med folkeretten?

Martin Paulsen (UiB), førsteamanuensis i russisk ved Universitetet i Bergen og leiar for Raftostiftinga sin priskomite, har både jobba og studert i Ukraina. Han har publisert fleire artiklar om ukrainsk språk, litteratur og om ukrainarane sin bruk av sosiale medier.  

Geir Flikke (UiO) er førsteamanuensis ved ILOS ved Universitetet i Oslo. Han er tidlegare assisterande direktør ved NUPI (2007-2010) og forskar ved same institutt (1995-2006/ 2010-2012). Flikke har arbeidd ved Den Kgl. norske ambassade i Moskva (1993-95/ 2001). Han tok doktorgrada ved UiO i 2006 med ei avhandling om Russlands si demokratirørsle. I denne avhandlinga brukte han teoriar om sosiale rørsler for å belyse årsakene til denne rørsla si oppløysing. Flikke har undervist i transisjonsstudier ved Kiev-Mohyla akademiet, og har skrive fleire artiklar om ukrainsk politikk.

 

Event photo: www.flickr.com