Eg møtte Noorudin i ein flyktningleir i Kabul. Han var 17 år gammal. Saman med familien sin pakka han alt dei eigde på lastebilen som skulle ta dei over dei høge HinduKush fjella til landsbyen dei kom frå i Badakshan provinsen i nordvest Afghanistan.

”Gler du deg til å kome heim”, spurde eg.

”Eg veit ikkje kvar heimen min er” svara han, ”eg har aldri budd i heimbygda mi. Familien min flykta til Pakistan før eg vart fødd. Eg har berre høyrt historiar om fjell, dalar, elver og at der er masse snø om vinteren.  Flyktningeleiren i Pakistan vart heimen min, der budde slektningane mine og alle eg kjenner.  Eg veit ikkje kva som ventar meg no. Eg veit ikkje om det er krig eller fred der me reiser, eller om me kan drive med jordbruk eller finne arbeid. Alt er nytt for meg, kanskje må me flykte igjen for å overleve.”

”Far min og onkel Rashid flykta saman i 1985 då krigen kom til Badakshan. Dei gifta seg og fekk barn i Pakistan, no er me seks familiar som reise tilbake og skal dele huset og jorda som bestefaren vår eigde. Eg veit ikkje om der er skule eg kan gå på eller kva eg kan gjere der.” 

Krigen i Afghanistan har snart vart i ti år, men konflikten har vart mykje lengre. Afghanistan har vorte ramma av fleire krigar og konfliktar dei siste tiåra, og befolkninga har vore prega sterkt. I dette seminaret skal me sjå på kva som har utløyst konflikten og kvifor den har vore så vanskeleg å løyse.  Religion, ekstremisme, terror, korrupsjon og okkupasjon er her viktige tema. Gjennom å lære meir om den komplekse historia til Afghanistan kan me også lære meir om utfordringane båe afghanarar og verdssamfunnet står overfor - og korleis me skal prøve å løyse dei.

Arne Strand er assisterende direktør på CMI og har forsket på Afghanistan i mer enn 20 år.