Kva rolle har bistanden spela i utviklinga? Og kva rolle bør bistanden spele framover?

Ambassadør i Malawi, Asbjørn Eidhammer, har lang fartstid frå bistand og forvaltning knytt til Afrika. I sin nye bok "Afrikas tid" forsøker han å forstå Afrika i eit bistandsperspektiv.

For Eidhammer har bistandstenkinga vore for kortsiktig samtidig som ho vore for mye grunna å vestleg, lineær tankegang. Vi bør tenkje på nytt om sentrale omgrep og tesar innafor bistanden, slik som eigarskap, politisk vilje og berekraft. Men sjølv om ein slit med å få bistanden til å verke godt nok, argumenterer også forfattaren for at Afrika ville ha vore verre stilt utan bistanden.

Asbjørn Eidhammer presenterer boka si og møter Gunnar Sørbø (tidlegare direktør ved CMI), Øyvind Eggen (seniorforskar ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt) og Lise Rakner (professor, Universitetet i Bergen/CMI) til debatt. Ordstyrar vil vere Elling N. Tjønneland (seniorforskar, CMI).