Varm opp til halloween med Bergen ressurssenters' frokostforum og ein god kopp kaffi , torsdag 31. oktober.  Tema blir såklart døden. Korleis forheld vi oss til døden? Kva skjer når vi har fått ein dødsdom, endrar vi atferd? Kvifor er døden blitt eit så vanskeleg tema i Vesten? Religionsviter Per-Arne Larsen og prest ved Haukeland sjukehus, Liv Ingrid Svela, i samtale med Åse Gilje Østensen.