Afrikas mest folkerike og oljerike land, Nigeria, skal i april gjennomføra demokratiske val til alle politiske nivå. President Obasanjo og dei fleste av dei 36 delstatsguvernørane går av etter åtte år ved makta. Det skal dermed bli eit maktskifte frå eitt sivilt regime til eit anna for første gong i Nigerias historie.

Men vala er dårleg førebudde. Spenningane i landet er store, og Obasanjo er mistenkt for å prøva å halda på makta.

Kva skjer om vala vert utsette? Kven ligg an til å vinna om vala vert gjennomførte som planlagt?

Dette er spørsmål som Noregs ambassadør til Nigeria, Tore Nedrebø, vil presentera for diskusjon på lunsjmøtet.

Tid: 11.30-12:30
Sted: Postmøterommet, 1. etasje