Det har vore mykje støy i media om mikrokreditt den siste tida, både her på berget, og ikkje minst i Bangladesh og India. Dette er støy som politikarar og andre aktørar i utviklingsdebatten dessverre lyttar til. I India har delstatsregjeringa i Andhra Pradesh oppfordra låntakarane til å late vere å betale attende delar av låna. Dette kan føre til konkurs for nokre mikrokredittprogram, og endå viktigare, det kan føre til at andre program trappar ned utlåna. Utlån til fattigfolk som ikkje kan stille pant er potensielt ein svært risikofylt aktivitet, men mikrokredittprogramma har synt at det likevel er mogleg å etablere ein tillit til at låna vert betalt. Men viss kundane i stor målestokk lat vere å betale, så er det fare for at tilliten forsvinn, og heile industrien kollapsar. Fattigfolk vil då igjen berre ha private pengelånarar å gå til. Dei høgaste rentene i denne marknaden finn ein for kriselån, t.d. lån for å dekkje utgifter ved behandling på sjukehus. Renta på slike lån startar ofte på 5% per månad. Så viss du må ta eit lån på lat oss seie ei årsløn kan du fort hamne i ei alvorleg gjeldsfelle.

No har aldri mikrokreditt fullt ut løyst problema med tilgang til kreditt, kanskje med unntak av Bangladesh der mikrokreditt er svært utbreidd. I andre land, t.d. Nepal der underteikna har følgt utviklinga dei siste 15 åra, har mikrokreditt berre vore eit kjærkome supplement til pengelånarane. Mikrokreditt er faktisk mikro, det vil seie at låna ikkje kan dekkje store utgifter slik som behandling på sjukehus, eller flybillett for ein arbeidsmigrant til Qatar. For slike lån har ein alltid måtte låne frå fleire naboar, eller meir profesjonelle pengelånarar. Sidan låna er relativt små skal ein heller ikkje vente å finne store effektar av mikrokreditt. Låna vert gjerne brukt til å kjøpe ei geit, eller ei ku, for produksjon av mjølk og kjøt, eller berre til å kjøpe varer for vidaresal i landsbyen, eller i næraste by. Det er heller ikkje uvanleg å bruke mikrokreditt låna som ei spareordning, ein reparerer taket for pengane, og så betaler ein lånet i avdrag kvar veke i eitt år, der pengane vert henta frå løpande inntekter frå ein småskala business, slik som grønsakshandel. Slike lån aukar ikkje inntektene, men løyser problemet med at ein slepp spare opp pengane i løpet av året, eller ein slepp låne på den private marknaden til ei høgare rente.

Men at mikrokreditt ikkje har ein godt målbar effekt på økonomisk utvikling betyr ikkje at me skal slutte med det. Mikrokreditt hjelper fattigfolk gjennom økonomiske kriser til ein lågare kostnad enn dei elles ville møtt hjå dei lokale pengelånarane. Og nokre fattigfolk har vore i stand til sakte men sikkert å arbeide seg ut av fattigdom gjennom investeringar i småskala business. Mangen av desse ville klart det same ved hjelp av lån hjå naboar eller slektningar, men nokon hadde ikkje klart det utan mikrokreditt. I ei verd der det ofte er vanskeleg å dokumentere effektar av pengar utanfrå, er det ingen grunn til å stanse program som heilt klart har positive effektar.

Likevel er det på sin plass med ein advarsel på slutten av dette innlegget. Medieoppslaga, og statistikken, tyder på ein stor vekst i omfanget av mikrokreditt dei siste åra. Det kan verke som om nokre låntakarar tek opp lån frå mange ulike mikrokredittprogram, og at desse programma ikkje kjenner til kvarandre. Dermed kan kvart lån vere passe stort, men til saman lånar ein får mykje. Kanskje nokon kjenner igjen denne situasjonen frå meir heimlege trakter? I land der tilgangen på rimeleg kreditt framleis er mangelfull er ikkje løysinga på dette problemet å stanse mikrokredittprogramma. Løysinga vil vere at programma deler informasjon om utlåna sine, eit framlegg som no vert diskutert i India.

Magnus Hatlebakk

Senior Researcher; Coordinator: Poverty Dynamics