Koplinga mellom menneskerettar og næringslivsinteresser har for alvor vorten satt på dagsorden dei siste par åra. I stadig sterkare grad vert det stilt krav til bedriftane om at dei ikkje kan forhalda seg passivt til brot på menneskerettane i land dei investerar i. Men korleis veg ein profitt og moral opp mot einannan? Med utgangspunkt i ein analytisk modell for samsvaret mellom aktørar og sanksjonar gjev dette arbeidsnotatet eit oversyn over ulike reaksjonsmønster i samband med grove brot på menneskerettane. Kva er mest effektivt? Dialog og samhandel eller økonomiske sanksjonar? Norske styresmakter sine reaksjonar på grove brot på menneskerettane vert drøfta, og forfattaren tek til slutt opp nokre av dei verdivala internasjonalt engasjerte norske bedrifter står ovanfor.

Recent CMI publications: