«Det er vanskelegare å skape fred enn å gå til krig», sa Colombias president Juan Manuel Santos då han tok imot Nobels fredspris i 2016. Prisen fekk han for å ha forhandla fram ein fredsavtale i heimlandet etter ein konflikt som hadde vart i over 50 år.

I 2019 fekk Etiopias statsminister Abiy Ahmed den same prisen for fredsavtalen han forhandla fram med nabolandet Eritrea.

Begge fredsavtalane kom på plass etter langvarige konfliktar. Kvifor tok det so lang tid før partane vart einige? Korleis føregjekk fredsprosessen? Korleis nådde dei tross alt ein avtale til slutt?

Kort tid etter at Ahmed fekk fredsprisen gjekk han til krig i sitt eige land. Etiopia står no midt i ein valdeleg konflikt.

I Colombia har kokainproduksjonen auka sidan 2016 og landet er framleis prega av vald og konflikt.

Oppnådde dei to fredsprisvinnarane eigentleg noko med fredsavtalane? Og kva, om noko, har tildelinga av fredsprisen betydd for fredsarbeidet?

Recent CMI publications: