Meles Zenawi døde rett før midnatt 20. august. Det er spådd eit maktvakuum i landet. Foto: Ragnhild H. Simenstad, Utanriksdepartementet

Etter dødsfallet til Etiopias sterke mann, statsminister Meles Zenawi, er det spådd eit maktvakuum i landet. Visestatsminister Hailemariam Dessalegn tek over som statsminister fram til neste val i 2015. Vil han klare å fylle rolla som leiar for eit av Afrikas mest folkerike land i ein region prega av konflikt og ustabilitet? Og vil han klare å unngå å bli trekt inn i den indre maktkampen som no går føre seg i regjeringspartiet?

Meles Zenawi er den marxistiske geriljakrigaren som vart statsmann. Han kom frå Tigray i det etiopiske høglandet var med og leia Tigray People’s Liberation Front (TPLF) frå 1975. Meles hadde strak kurs mot toppen, og i 1991 vart han leiar i regjeringspartiet Ethiopian People’s Revolutionary Democratic Front (EPRDF). Her stod han ved roret til han døde. Den avdøde statsministeren vart skildra som ein svært sterk, eigenrådig og etter kvart einerådande leiar. Han var ein frykta og respektert mann som ikkje gjekk av vegen for å belære sine samtalepartnerar. Meles var ein dyktig retorikar som vann internasjonal støtte for sine visjonar om afrikansk utvikling og vekst. Han var også svært tydeleg på bodskapen om å ikkje støtte det han kalla den ”anti-demokratiske, valdsforherligande” opposisjonen i landet.

Meles var ein politisk strateg og navigerte Etiopia gjennom mange kriser. Han heldt ulike fraksjonar i partiet under tett kontroll og nytte stor respekt også blant norske regjeringsmedlemmer – mange har fortalt om stjerner i auga på tidlegare utviklingsminister Erik Solheim då han snakka om møter han hadde hatt med den etiopiske statsministeren. Det er mykje på grunn av personen Meles Zenawi at vestlege styresmakter, inkludert Noreg, har valgt å auke bistanden til Etiopia dei siste åra, trass i alvorlege og stadige menneskerettsbrot og utvikling i  meir autoritær retning sidan 2005.

Er den nye statsministeren Hailemariam Dessalegn av same kaliber som Meles? Den nye statsministeren er på mange område den rake motsetnaden av det etiopiarane har vore vane med. Tradisjonelt sett har dei etiopiske herskarane kome frå makteliten i høglandet og høyrt til den kristenortodokse kyrkja. Dessalegn har verken band til makteliten eller den mektige kristenortodokse kyrkja. Han har ei mild framtoning og vert sett på som moderat. Den 47-årige firebarnsfaren jobba med vassteknologi innanfor ingeniørfaget i mange år før han gjekk inn i politikken. Først på slutten av 1990-talet vart han med i den sørlege partiorganisasjonen til regjeringspartiet. I 2001 vart han president i den sørlege regionalstaten ’Southern Nations, Nationalities and People’s Regional State’. Politikken i denne regionen er prega av maktkamp mellom dei to største folkegruppene i sør, og etter fem år såg regimet i Etiopia seg tente med å skifte han ut.  Offisielt var forklaringa på hans avgang høgt blodtrykk grunna arbeidspress.  Likevel gjekk han vidare til endå meir krevjande stillingar i Addis Ababa – som ’speaker’ (president) i det nasjonale parlamentet og rådgjevar på statsministerens kontor. I 2010 vart han utpeika som nestleiar i EPRDF, utanriksminister og visestatsminister.  Korleis kom han hit, på så kort tid? Svaret er truleg at han både er hardtarbeidande og lojal, og representerer ei etnisk gruppe og ein region som kunne spele ei balanserande rolle i Meles Zenawi’s intrikate nasjonale politiske spel i EPRDF,  mellom harde geriljaveteranar frå Tigray, Amhara-fraksjonen som representerer den tradisjonelle elitegruppa, og Oromo-delen av partiet med oromoane som er den største folkegruppa i landet i ryggen.

Gjennom doktorgradsarbeid på etnisk sjølvstyre i Sør-Etiopia har eg fulgt Hailemariam på vegen frå president i sør-regionen til utanriksminister og visestatsminister i Addis Ababa. Han framstår som ein venleg og audmjuk mann, men når samtalen kjem inn på regjeringspartiet sin politikk, valkamp og forhold til opposisjonen forsvinn audmjukna. Då kjem den aggressive retorikken EPRDF og Meles Zenawi er kjent for fram. I 2010 spurte eg om han kom til å verte statsminister i Etiopia dersom Meles gjekk av. Han svarte på dette med eit hovudristande smil, og refererte til at Meles Zenawi ikkje kom til å gå av på lenge. Han var ingen klar kronprins. Eg spurte han også om han trudde at bakgrunnen hans frå det tradisjonelt marginaliserte Sør-Etiopia kunne forklare kvifor han hadde fått ein slik viktig posisjon i Addis Ababa. Dette spørsmålet gjorde han irritert – ”det er ikkje bakgrunn – men personlege eigenskapar – som avgjer”. Han ville ikkje vere med på at han berre var ei nyttig brikke i Meles sitt politiske spel.

Dessalegn har garantert ikkje nokon enkel jobb i statsministerstolen. Etter alt å døme kjem overgangen etter Meles til å bli dominert av personar frå TPLF. I TPLF sit mennene som var med i den væpna kampen mot Derg-regimet (1975-1991) og som var del av den næraste krinsen kring Meles. Desse vil ikkje utan vidare gje frå seg reell makt til den nye statsministeren. TPLF har dessutan eigne kandidatar til statsministerposten. Amhara- organisasjonen har også ein sterk kandidat i presidenten for Amhara delstaten, Ayalew Gobeze. Førebels er ingen representant frå Oromo gruppa nemnt– men det er mest sannsynleg berre eit tidsspørsmål før nokon også her vil krevje sin plass i statsministerstolen.

Denne maktkampen kan gjere at Hailemariam vert sitjande lenger enn det som først er planlagt. Han er ein ’ufarleg’ kandidat alle dei ulike fraksjonane kan stille seg bak. Men maktkampen kan også føre til at stridene spreier seg nedover i partiorganisasjonen og ut i samfunnet, og fyrer opp under allereie eksisterande etniske konfliktar. Resultatet kan bli ei svakare regjering, og eit styrka tryggings- og militærapparat som vil bruke alle midlar for å hindre eskalering og oppløysing. Så langt har regjeringspartiet satsa alt på å framstille situasjonen som før. Dei har forsikra både nasjonalt og internasjonalt publikum om at politikken som vart ført under Meles ikkje kjem til å verte forandra. Er det noko Hailemariam Dessalegn meistrar, så er det å følgje partilinja. Såleis kan han vere rett mann. Tida vil vise om det er tilstrekkeleg.  

Lovise Aalen, seniorforskar ved Chr. Michelsens institutt. Kronikken stod først på trykk i Klassekampen 27.08.12.