Kina raslar med sablane mot Japan. (Foto: Thomas Leplus)

På 1970-talet reiste ei gruppe japanske nasjonalistar saman med to geiter tusenvis av kilometer frå fastlandet til den folketomme øygruppa som på japansk vert kalla Senkaku og på kinesisk Diaoyu. Dei hardføre dyra skulle vere ein fortropp i eit krafttak for å forsterke det japanske herredømme over båe øyane og dei ressursrike havområda rundt, som også Kina og Taiwan krevjar suverenitet over.

Den siste tida har denne tvisten stått i sentrum for forholdet mellom Japan og Kina. I juni kunngjorde statsminister Yoshihiko Noda at den japanske staten ville kjøpe opp tre av øyane, som på papiret har vore privateigd av ein japansk familie. Reaksjonen frå båe Beijing og den kinesiske opinionen på det som blir oppfatta som ei «nasjonalisering» av øygruppa har vore fylt med sinne og krigsaktig retorikk: Dagen etter kunngjeringa erklærte Kommunistpartiets talsmann området for heilagt kinesisk territorium. Deler av media har etterlyst full krig og jamvel bruk av atomvåpen. Tusenvis av kinesarar har delteke i til dels valdelege demonstrasjonar mot japanske diplomatposter og næringsliv. Spenninga toppa seg mellombels fredag 14. september då seks kinesiske kystvaktfartøy ei kort tid gjekk inn i dei japanskkontrollerte havområda rundt øyane.

Konflikten blussar paradoksalt opp i ei tid då det økonomiske samarbeidet mellom Kina og Japan, som har verdas andre og tredje største økonomi, vert stadig sterkare. Samhandelen var i 2011 på heile 347 milliardar dollar. I mai vart det med historisk sus kunngjort ein intensjon om frihandelsforhandlingar som også vil inkludere Sør-Korea. Månaden etter vart det slutta ein unik valutaavtale som vil auka bruken av yen og yuan i varebytet og redusere avhenga av den amerikanske dollaren. Ei militarisering av konflikten vil etter alt å døme råke båe den kinesiske og japanske økonomien hardt, som med sin store utanlandshandel er særs avhengig av opne handelsruter og regional stabilitet. Truleg vil ei konflikt også forsterke den økonomiske nedgongen i heile Aust-Asia og gje sterke ringeffektar i verdsøkonomien.

Korleis kan ein konflikt mellom to gjensidig avhengige stormakter kome så nær ein militær konfrontasjon? Sjølvsagt er det omliggjande havområdet sine oljeførekomstar eit freistande åte for to energihungrige nasjonar. Likevel må spenningsnivået også sjåast på bakgrunn av båe naboar sine innanrikspolitiske klima. Kinesiske styresmakter speler på nasjonalistiske strenger i forkant av haustens leiarskifte i Kommunistpartiet. For partiet er konflikten ei hendig avleiing frå eit mangfald av problem på heimebane. Partiets kronprins og statsminister Wen Jiabaos trulege arvtakar, Xi Jinping, har utan forklaring forsvunne frå offentlegheita og skandalesaka rundt den framståande kinesiske politikaren Bo Xilai har kasta lys på personkonflikt og korrupsjon i partiets innarste sirklar. Tvisten tek også merksemd bort frå ein stadig sakkande økonomi som lid under vekta av ein skadeskoten verdsmarknad. Vekstframskrivingane for 2012 er 7,5 prosent og vil dersom dei vert realisert vera den lågaste årsveksten sidan 1990. Partiets store frykt er at reduksjonen vil gje meir arbeidslause og trongare kår for mange kinesarar, noko som igjen kan smitte over i større sosial uro.

I Tokyo gjekk statsminister Noda i førre månad inn for kompromiss med ei fiendtleg nasjonalforsamling. Ei kritisk skatteauke for gjeldsbelasta japanske statsfinansar er bytta mot lovnad om snarleg nyval. Samstundes posisjonerer høgrepopulistiske politikarar som partistiftaren og Osaka-borgarmestar Toru Hashimoto seg føre nyvalet. Ein ynda måte å sanke konservative stemmer for Hashimoto og andre på japansk høgreside er i tillegg til å nekte for japanske udådar under andre verdskrig å gå hardt ut mot Kina. Å framstå for mjuk ovanfor nabolandet er derfor ein taktikk som kan tape stemmer i ei avgjerande tid for Noda.

«Vi forsterkar kapasiteten til dei væpna styrkane for å ivareta ei lang rekke oppgåver. Den viktigaste er evna til å vinne lokale krigar» fortalde den kinesiske statsministaren, Wen Jiabao, i den kinesiske Folkekongressen i mars. Kina har verdas andre største militærvesen og i 2012 passerte militærbudsjettet for fyrste gong 100 milliardar dollar, ei tosifra prosentauke frå året før.

Samstundes har kinesiske styresmakter konsekvent sagt at bruk av militærmakt kan bli naudsynt for å forsvare nasjonalinteresser, eit standpunkt som har dytta mange av nabolanda rakt i fanget på USA. Resultatet er ei utvikling der mindre austasiatiske land som Vietnam, Filippinane og Taiwan i aukande mon knytar økonomiske band med eit vaksande Kina medan dei ser til USA for alliansebygging.

Ei militær konflikt med ei stormakt som Japan kan av same grunn fort eskalere ut av begge partars kontroll. USA står gjennom sine gamle tryggingsavtalar med Japan forplikta til å forsvare øyane dersom det bryt ut kampar.

Til trass for uvanleg høg temperatur er det rimeleg å tru at spenningsnivået vil bli avgrensa. USA og Japan sine overlegne krigsflåtar bidreg til at Beijing ikkje ser seg tent med ei militær løysing på krisa. Den livsviktige handelen ville også vorte kraftig råka av ei væpna konflikt. Truleg vil derfor leiarskapet i båe land prøve å kjøle ned situasjonen og halde nasjonalistisk oppvigleri på armlengdes avstand.

Medan ordkrigen rasar er den største faren likevel at små samanstøyt kan militarisere konflikten og gjere situasjonen langt meir uføreseieleg. Korleis vil Noda og Jiaobao reagere på militære samanstøyt etterfølgt av styrkja nasjonalistisk oppvigleri? Vil amerikanarane først freiste å mekle mellom partane eller gå inn i konflikten med full tyngde?

Det er i alle partars interesse å hindre den betente konflikten frå å spinne ut av kontroll, men spelet er høgt. Bikkar det over veit ingen kvar ein vil ende.

Thor Olav Iversen, student, Christian Michelsens Institutt. Kronikken stod først på trykk i Klassekampen 19. september 2012.