Norske verksemder har investert 70 milliardar kroner i eit land som dei fleste nordmenn ikkje klarar å finne på kartet. Denne mangelen på allmenn og politisk interesse for Angola eksisterer trass eit industrieventyr som manglar sidestykke i vår nylege historie.

Ingen kan gje ein samla oversikt over inntekter norske verksemder og stat eigentleg har frå landet, og få aktørar vil snakke opent om det. Dei indikasjonane som er tilgjengelege, peikar likevel sameint mot eit økonomisk samkvem av enorme dimensjonar. Statoil utvinner store kvantum olje frå angolansk sokkel.

I 2011 pumpa statsverksemda i snitt opp 176.000 oljefat kvar dag, til ein samla marknadsverdi av 32 milliardar kroner – to milliardar meir enn heile bistandsbudsjettet. Denne utvinninga utgjer nesten halvparten av Statoils samla petroleumsproduksjon i utlandet, og over ein tiandedel av den totale produksjonen. I tillegg til Statoil, er ei rekke andre verksemder tungt involvert i landet og eksporterer kvart år varer og tenester for fleire milliardar kroner til oljeindustrien.

Angola er difor blant dei aller viktigaste utanlandske bidragsytarane til både norsk statskasse og næringsliv. Likevel er landet fråverande i norsk politisk diskurs og mediebilete. Då det i august vart halde parlaments- og presidentval var det knapt dekka med ein notis i norske medium.

Det er derimot ikkje vanskeleg å forstå kvifor Angola kan vera eit sensitivt emne for norsk næringsliv og styresmakter. I 2008 betalte Statoil dobbelt so mykje skatt til angolanske styresmakter som samla norsk bistand til heile det afrikanske kontinentet. Norsk næringsliv i Angola utgjer altso ein av dei økonomiske hjørnesteinane i dei angolanske styresmaktenes styringsprosjekt, og kva type prosjekt pratar vi eigentleg om?

Sidan den nesten tre tiår lange borgarkrigen tok slutt i 2002, har Angola opplevd eventyrleg økonomisk vekst og gått frå å vera eit låginntektsland til mellominntektsstatus. Veksten har i stort mon vore driven av høgare oljeprisar og utbygging av petroleumssektoren, men ikkje falle saman med ei monaleg betring av levekår for det breie lag av angolanarar.

Til trass for rikdomsauka scorar Angola nemleg lågt på dei fleste økonomiske, politiske og humanitære mål i både regional og internasjonal samanheng. Det britiske tidsskriftet The Economist definerer den angolanske staten som ein autoritær eittpartistat, og president José Eduardo dos Santos har haldt på makta i heile 33 år.

Vidare er Angola rangert som eit av verdas mest korrupte land, og scorar lågt på både politisk fridom og menneskerettar. To tredjedelar av befolkninga lev til trass for velstandsauka for under to dollar dagen. Men ikkje alle er like fattige. Ein liten krins rundt familien til president dos Santos har tent seg svimlande rike på oljeboomen.

Den ekstreme velstanden til landets elite har gjeve Angola ein av verdas mest skeivfordelte økonomiar og gjer saman med den endemiske korrupsjonen mange bisarre utslag. Kvar parlamentsmedlem tok etter valet i 2008 imot kvar sin personlege BMW og ei innsetjingsgåve på ein million dollar – ein afrikansk rekord. Hovudstaden Luanda vart i 2011 kåra til verdas dyraste by å leve i, og gjekk dermed føre byar som Genève, Tokyo og Oslo.

Tradisjonelt har norsk engasjement i Afrika vore prega av svake økonomiske interesser på kontinentet. Det har mogleggjort eit fokus på solidaritet og kamp mot fattigdom, og dermed bidrege til å gje Noreg eit globalt ry som ein usjølvisk bistandsaktør. Då utviklingsminister Heikki Holmås deltok i ein debatt om fordeling i utviklingsland på Chr. Michelsen Institutt i september, fortalde han publikum at det var ein målsetnad for norske styresmakter å skape betre fordeling i utviklingsland med høg inntektsulikskap.

Det norske engasjementet i Angola undergrev derimot både denne målsetnaden og vår tradisjonelle utviklingspolitikk.

Norsk næringsliv og stat bidreg gjennom sitt vidfemnande økonomiske engasjement til å halde oppe og styrke eit særskild korrupt, autoritært og framfor alt ekskluderande regime. Forholdet med Angola har i sitt einsidige fokus på næringsinteresser meir til felles med kinesisk Afrika-politikk enn det norske sjølvbiletet som ein velmeinande samaritan.

At Noreg i so stort mon bidreg til å skape eit finansielt grunnlag for regimet og eliten i Angola reiser ikkje berre etiske og politiske problemstillingar, men skaper også ein økonomisk risiko. Sjølv om dos Santos ser ut til å sitje trygt på oljeberget, er framtida for regimet usikker.

I likskap med situasjonen i arabiske land før Jasminopprøret finst det ei veksande gruppe med utdanna og utålmodig ungdom som manglar arbeid. Dei er desillusjonerte med ein elite som ikkje ønskjer å gje dei ein bit av velstandsauka. Om eller når andre tek over roret veit ingen, men truleg vil ikkje eventuelle nye makthavarar sjå med blide auge på nære vener av dagens regime.

I Angola møter tradisjonell norsk utviklingspolitikk våre næringslivsinteresser i døra, og trer ut som rå realpolitikk. Noreg er ei sentral økonomisk og politisk brikke for ein elite som har bygd ein stat som liknar ei antitese for demokratiske og egalitære ideal. Lev vi ikkje opp til samfunnsansvaret som følgjer med, kan det fort bety slutten for vår favorittmerkevare som usjølvisk bistandsnasjon.

Thor Olav Iversen, student ved Chr. Michelsens institutt. Kronikken stod først på trykk i Klassekampen 31. desember 2012.