Our dear colleague, Alf Morten Jerve, passed away 15 May. We have lost one of our pillars. A Social Anthropologist by training, Alf  Morten, worked close to three decades in the field of development, including extensive field research in Africa and Asia. Development aid must given to those who need it the most, argued Alf Morten Jerve. Aid must be long-term, patient and build on trust.

Alf Morten started working at CMI in 1982. He was Deputy Director from 1995-2007, and Acting Director 2005-2006, and he had just returned to CMI after 5 years with the Inspection Panel at the World Bank. 

Our thoughts are with his dear family. We will continue working in his spirit, committed to the fight against poverty and injustice.

Alf Morten's publications

Director Ottar Mæstad's eulogy (in Norwegian)
Alf Morten var ein usedvanlig viktig person for CMI og for oss som arbeider der. Vi visste at Alf Morten var alvorleg sjuk, vi hadde innsett at vi kanskje ikkje kom til å få behalde han så lenge, men at det skulle gå så fort kom som eit sjokk for oss.

I dag kjenner vi alle på eit stort tap. Samtidig kjenner vi på ein trang til gje uttrykk for takksemd for det Alf Morten har betydd for oss på CMI. Vi ønskjer å heidre Alf Morten sitt minne.

Alf Morten blei tilsett på CMI i 1982. Han arbeidde som forskar og som leiar for instituttet. I tolv år var han assisterende direktør og i eitt av desse var han fungerende direktør.

Alf Morten hadde eit djupt og inderleg engasjement for arbeidet sitt. Han ville bidra i kampen mot fattigdom og urettferd. Han ville gjere ein forskjell.

Det var dette engasjementet som fekk han til å ta med seg familien på fleire lengre opphald i utlandet; på 80-tallet arbeidde han tre år for eit distriktsutviklingsprogram i Tanzania. På 90-tallet arbeidde han to år for Verdsbanken i Washington, og dei siste fem åra har han vore medlem og leiar for Verdsbankens Inspeksjonspanel. Også i dette arbeidet var Alf Morten si drivkraft å ivareta svake og tilsidesette grupper, dei som lid skade av Verdsbanken sine mange prosjekt i fattige land.

Alf Morten hadde tid til sine kollegaer. Mykje tid. Han utstrålte ein ro og tryggleik som innbaud til å sette seg ned og tenkje litt langsamare og litt djupare enn til vanleg. Det blei mange lange og gode samtalar med Alf Morten. Dei som har vore i dei samtalane, veit at Alf Morten tenkte klart og klokt om mange viktige spørsmål.

Alf Morten hadde klare mål for korleis instituttet skulle utvikle seg. Han ville ha eit CMI som stod i tett dialog med dei som utformar bistands- og utviklingspolitikken. For Alf Morten var dette ein naturleg konsekvens av ønsket om å gjere ein forskjell. Eit anna viktig mål for Alf Morten var at CMI skal ha eit solid ankerfeste i kunnskap om lokale forhold i utviklingsland. Fordi det ville gjere oss meir nyttige. Noko av det som gjorde Alf Morten til ein viktig leiar på CMI var at han kombinerte klare mål med eit beundringsverdig tolmod for å nå dei. Når CMI møtte stengte dører hjå oppdragsgjevarar, og andre på instituttet hadde mest lyst til å gje opp, hadde Alf Morten ei eiga evne til å sjå nye utvegar og mye moglegheiter. To av dei områda der Alf Morten har sett varige spor etter seg på CMI er etableringa av CMIs antikorrupsjonssenter (U4) og den viktige avgjersla om å selge Fantoft slik at vi kunne flytte til sentrum.

Ingen andre på CMI var så dyktig som Alf Morten til å leie store, kompliserte studier og evalueringar. Han var utstyrt med ein sjeldan kombinasjon av gode analytiske evner og ein god porsjon praktisk sans. Det kom godt med i studier av store industriutviklingsprosjekt, infrastrukturprosjekt og distriktsutviklingsprogram i land som Bangladesh, Pakistan, Vietnam, Sri Lanka og Tanzania, og også i hans studier av praktisk bistandspolitikk.

Den første gongen eg traff Alf Morten var på ein av CMIs mange sommarfester på Kvingo. Eg trur det er dei finaste sommarfestane vi har hatt, med grilling, bading, og dansing. Alf Morten elska å danse og han hadde laga diskotek nede i kjellaren. På juleborda til CMI var det alltid ein fest å sjå Alf Morten og Ann Mari svinge seg over dansegolvet, med si smittande danseglede.

Alf Morten si stemme var mjuk og tydeleg på same tid. Han var ein av dei som tenkte djupast om bistand og utvikling, og han tenkte nytt. Han foreslo (for eksempel) resultatbasert finansiering av bistanden lenge før det ordet var oppfunne. Alf Morten blei lytta til, på CMI, i Norad, i Utanriksdepartementet, i Verdsbanken og i andre internasjonale miljø. Han var bekymra for at for lite av bistanden går til dei fattige som treng den mest, og han etterlyste meir langsiktigheit, større tolmod, og meir vekt på å byggje tillit mellom dei som gjev og dei som mottek bistand.

Alf Morten si stemme har no stilna. Det er eit stort tap for CMI og for utviklingsmiljøet i Norge og internasjonalt. Men hans tankar og visjonar lever vidare. Han tapte kampen mot kreft, men kampen mot fattigdom og urettferd skal vi føre vidare i Alf Mortens ånd.

Vi lyser fred over Alf Morten sitt gode minne.