Returavtalen inngått mellom Afghanistan, Noreg og FN sin Høgkommissær for flyktningar (UNHCR) gjer afghanarar med avslag på asylsøknad i Noreg to val. Dei kan nytte seg av tilbodet om assistert retur eller avslå det og verte tvangsreturnerte og kome nesten tomhendte til Kabul. Det til stor skilnad frå dei som vel assistert retur som gjer dei betre budde for heimkomsten. Dei får eit kontantbeløp når dei kjem til Kabul, og kan søkje tidsavgrensa støtte til dekning av husleige. Der er økonomisk støtte i 6 månader til å enten etablera eiga verksemd, ta utdanning eller sikre seg jobb. For barnefamiliar aukar støtta i takt med talet på familiemedlemmer.  Frå 2012 til juni 2014 nytta 383 familiar seg av dette tilbodet, inkludert 12 familiar med i alt 41 medlemmer. Dei som vert tvangsreturnerte har følgje med norsk politi til Kabul. Her mottek dei 3000 kroner, kan søkje om ytterlegare 10 000 i reintegreringsstøtte, og vert tilbodne losji i 14 dagar og heimreise. Det er den tvungne returen av familiar og born Afghanistan no vurderar å stogge og derfor ber om reforhandling av returavtalen.

Diskusjonen i Noreg og høyringa på Stortinget gjaldt auken i tvangsretur av  barnefamiliar i 2014. Regjeringa forklara auken med at det frå sommaren 2014 «opna seg returmogelegheiter». Ser ein på tryggleik og økonomiske utsikter i Afghanistan er det vanskeleg å sjå at der har vore noko «opning», tvertom har forholda forverra seg. Det vektlegg også afghanarane som vurderar retur og Afghanske styremakter.

Afghanistan gjekk nemleg gjennom tre omfattande endringar i 2014 som skapte stor uvisse om framtida. Det viktigaste var uttrekning av storparten av dei internasjonale styrkane, der ansvar for tryggleik vart overført til afghanske hær og politi. I nesten heile landet har konfliktnivået auka siste året, Taliban og andre grupper markere seg med bruk av sjølvmordsbombarar og bilbomber. I Kabul ramma angrepa i stadig større grad sivile mål. FN dokumentert i 2014 dei høgaste sivile tapa på mange år. Alle som returnerar kjem til Kabul, sjølv om dei opphaveleg kom frå andre deler av landet. Mange finn det likevel tryggare å verte i Kabul enn å reise heilt heim.

I parallell med forverra tryggleik skapte valet av ny afghansk president politiske og etniske uro frå våren 2014 av, og minka tilliten til styresmaktene. Resultatet vart sterk auke i prisar på matvarer og drivstoff, og sterkt redusert kjøpekraft. I Kabul auka kriminalitet og kidnappingar, om politiet ikkje deltok gjorde dei i alle fall lite for å stogge det. Forholda har vore så usikre at ambassadane har teke ekstra forhaldsreglar for å trygge sine utsendingar. Dei norske har lenge vore pålagt å køyre i armerte bilar, reiser og møteverksemd utafor ambassaden er avgrensa.

Etter internasjonalt press vart det mot slutten av året danna ei koalisjonsregjering. Til no er berre 9 ministrar godkjent av Parlamentet og tiltaka som kan møte Afghanistan sine store utfordringar står på vent. Det inkluderar ei estimert arbeidsløyse på 36 %,  ei befolkninga der 2/3 er under 27 år og der 8 av 10 er ufaglærte.  Mange av desse kunne før sikra seg arbeid og inntekt gjennom sesongarbeid i nabolanda Iran og Pakistan. Det høvet er no sterkt redusert og Pakistan truar i tillegg med å returnere over 1 million afghanarane som oppheld seg der. Det kjem i så fall på toppen av dei over 5 millionane som har returnert til Afghanistan sidan 2001, og som utgjer over 20 % av folketalet.

For det tredje skapte auka konfliktnivå og den langdryge politiske prosessar uvisse om det internasjonale samfunnet ville stå ved lovnadane om langsiktig støtte. Mangel på eigne inntekter gjere Afghanistan heilt avhengige av internasjonal bistand for å betale lønn til sine tilsette, inkludert i hæren og politiet, og oppretthalde den positive utviklinga landet tross alt har hatt sidan 2001. Mange vurdera derfor om dei – og i alle fall borna deira – skal verte verande i eit land som har vore i krig sidan 1979 og der framtida er så usikker. Kostnadane med ei reise til vesten er for dei «ei investering i ei tryggare framtid», som fleire eg intervjua i Kabul i haust formulerte det.   

Afghanarar som vurderar retur frå Noreg er godt oppdatert om situasjonen i heimlandet gjennom sosiale medier. Her forsvinn positivt nytt i stadige meldingar om nye angrep og forverra økonomisk utvikling. Mange hevdar at retur frå eit vestleg land vil medføre trusslar frå Taliban, og at det gjer større sjangsen for at dei vert kidnappa. Same om lite underbyggje at denne frykta er reell trur mange det kan skje, dei viser til eksempel med returnerte frå andre land. Uroa vert forsterka av at afghanske styresmakter og folkevalde målbær at dei i liten grad kan yte assistanse til dei returnerte. Kabul er ein by der folketalet er auka frå ein halv til over fem millionar innbyggjarar sidan 2001, fleirtalet må klare seg sjølve og dei returnerte må konkurrera om dei tilboda som finst. Har dei returnerte familie eller nettverk der kan det gå greitt, afghanarane stiller opp for sine eigne. Manglar dei det er dei veldig sårbare.

For ein barnefamilie, og for born, er det ein stor overgang frå eit trygt norsk oppvekstmiljø med skule og helserettar, til det afghanske styresmakter kan tilby. Skular manglar ofte kvalifiserte lærarar og læremidlar, det beste helsetilbodet vert gitt ved private klinikkar. Skulevegen kan være utrygg, og born som har vokse opp i  Noreg manglar ofte grunnleggjande kunnskap om eige språk – og dermed forståing for kva som skjer rundt dei. Når det vert kombinert med foreldre og slektningar si uvisse over framtida vert minna om det dei hadde i Noreg veldig sterke. Mange hugsar veldig godt det dei har reist frå, men kan i liten grad setje ord på kva framtid dei ser for seg.

I det ligg noko av svaret på kvifor ikkje fleire afghanarar i Noreg vel å nytte seg av assistert retur sjølv om det gjer ein verdigare retur og eit betre økonomisk utgangspunkt for livet i heimlandet. Når dei fryktar framtida i og for Afghanistan, og for borna sine, er det vanskeleg for dei å sjå at desse fordelane oppveg risikoane. Då ventar dei heller litt til i håp om at det kan verte ei reell «opning» for dei. 

Arne Strand, assisterande direktør ved CMI.
Dette er ei revidert utgåve av ein kronikk som stod på trykk i Bergens Tidende 1. mars.

Arne Strand

Deputy Director, Research Director, U4 Director