Ikkje skuld på muslimane

I dagens BT-kommentar får Universitetsleiinga og leiinga ved Chr Michelsens Institutt (CMI) på pukkelen for å ha flytta eit kunstverk etter klager frå muslimar. Omsynet til muslimar har aldri vore tema i denne saka.

Kunstverket ”Bok” av Margareta Bergman vart plassert på Bergen ressurssenter for internasjonal utvikling. Ressurssenteret er eit samarbeidsprosjekt mellom CMI og UiB, ein møteplass for debatt og formidling av utviklings forsking. På Ressurssenteret er det daglege arrangement om menneskerettar, fattigdom, fred og konflikt.

”Bok” hadde ein svært dominerande plass i Ressurssenteret, som også fungerer som inngang til CMI. Biletet framstod som eit ”signaturbilete”, som det einaste, og dermed som det representative uttrykket i møte med desse institusjonane. CMI meiner at biletet ikkje er eigna som signaturbilete for denne viktige møteplassen. Difor tok vi initiativ til å finne ei meir høveleg plassering.

Mediadekninga i etterkant har skulda CMI og UiB for å drive kunstsensur. Vi beklagar på det sterkaste at det er skapt eit bilete av at saka handlar om omsyn til muslimar. Leiinga ved CMI har ikkje motteke klager frå muslimar og har heller ikkje sjølv brukt religiøse argument i denne saka, og universitetsleiinga, som har respondert på vår oppmoding om å flytte biletet, kan då sjølvsagt heller ikkje skuldast for å ha teke slike omsyn.

Saka handlar ikkje om sensur, men om vår opplagte rett til å ta stilling til kva som skal henge på veggane i våre lokale, til kva som skal være vår visuelle identitet. Også i val av kunstverk.

 

Ottar Mæstad
Direktør, CMI