Grameen Bank har hatt stor suksess med å nå dei fattigaste med små lån, og vart i fjor premiert med Nobels Fredspris. Denne artikkelen drøftar graden av suksess, med vekt på metodeproblem som følgjer av seleksjon av landsbyar og låntakarar. Artikkelen drøftar også motivasjonen for Grameen Bank, med vekt på imperfeksjonar i den lokale kredittmarknaden. Hovudkonklusjonen er at Grameen Bank har lukkast med å gje lån til kredittrasjonerte kvinner, som igjen har styrka deira posisjon i hushalda. Dette har ført til betra inntekt for dei fattige, og betra helse og utdanning for borna.

Magnus Hatlebakk

Senior Researcher; Coordinator: Poverty Dynamics