Korleis kjem høgsterettsdommarar fram til avgjerdene sine? 

I den amerikanske konteksten er svaret på dette spørsmålet godt etablert: Dommarar prøvar å bake sine eigne politiske preferansar inn i domsavgjerdene, men dei gjer det på ein slik måte at resultatet er samanfallande med lova og med dei veldefinerte forventningane og avgrensingane som gjeld for den institusjonen dei høyrer til. Sagt på ein annan måte er dommarar si åtferd ein funksjon av dommaren sine motiv, midlar og mulegheiter. 

Ved å ta føre seg Noreg som kasus, går det fram av boka "Policy Making in an Independent Judiciary. The Norwegian Supreme Court" at dette ikkje er særmerkt berre for åtferda til dommarar i USA.

Forfattarane brukar ein utvida åtferdsmodell til å syne at det er samanheng mellom preferansane til norske høgsterettsdommarar og avgjerdene deira. Slik syner dei at den forståinga for dommaråtferd som er utvikla og grundig testa i det amerikanske rettssystemet også kan overførast til domstolar i andre land, som til dømes Noreg.

Boka er skriven av Gunnar Grendstad, William R. Shaffer og Eric N. Waltenburg. Gunnar Grendstad er professor på Institutt for samanliknanade politikk ved Universitetet i Bergen.