Foto: Kheel Center


Norsk politkar og fylkesmann i Oslo og Akershus Valgerd Svarstad Haugland og kjønnsforskar Hilde Danielsen (UiB) i samtale med Åse Gilje Østensen

 

I år er det 100 år sidan kvinner i Noreg fekk stemmerett. Kva har kvinneleg stemmerett betydd for Noreg og norsk politikk? Kva har skjedd med norsk likestilling dei siste hundre åra? Korleis er det å vere kvinneleg politikar i Noreg i dag?  

Valgerd Svarstad Haugland har lang erfaring frå norsk toppolitikk både som statsråd og leiar for KrF. Kjønnsforskar og historikar Hilde Danielsen(UiB) har skrive boka Norsk likestillingshistorie (2013). Dei møtes til samtale med Åse Gilje Østensen.

Svarstad Haugland er norsk politikar og fylkesmann i Oslo og Akershus. Ho satt på Stortinget frå 1993-2005. I 1995, overtok ho som fyste kvinne, leiarvervet i KrF. Svarstad Haugland leia KrF til historisk høg oppslutning, både i 1997, 1999 og 2001. Det var ho som innførte kontantstøtta, medan ho var barne, familie og forbruksminister.

Hilde Danielsen (Rokkansenteret, Bergen) er kulturvitar og har forska på husmødre og den norske husmora si historie.

Velkommen til frukost med lefser frå Hardanger og ein god samtale.