Kva rolle spelar rettferd når helsetenester skal prioriterast? 

Ole Frithjof Norheim er professor ved Senter for internasjonal helse og Institutt for samfunnsmedisinske fag ved Universitetet i Bergen. Han er også gjesteprofessor ved Harvard School of Public Health. Norheim sine forskingsinteresser er prioritering og rettferd i helsesektoren og medisinsk etikk. I juni 2013 vart han oppnemd som leiar for eit offentleg utval som skal vurdere prioriteringar i helsesektoren

Let's Be Fair er ein arrangementsserie i Bergen ressurssenter for internasjonal utvikling våren 2014. Føremålet med arrangementsserien "Let's Be Fair" er å utfordre etablerte oppfatningar av kva som er rettferdig. Kva tyder rettferd for vårt syn og forsking på økonomisk vekst, helse, bistand, samfunnsutvikling og fordeling?

I løpet av våren 2014 vil nokre av Noreg sine fremste forskarar innan ei rekkje disiplinar (økonomar, samfunnsvitarar, medisinarar, juristar og filosofar) som arbeider med temaet "rettferd" i si forsking besøke Bergen ressurssenter. Alle arrangement er gratis og opne for alle.