Tid: 14:00-15:00
Sted: Bergen ressurssenter for internasjonal utvikling

Forskningsdagane, UiB og CMI inviterar til samtale mellom forskarar i Bergen ressurssenter for internasjonal utvikling. Tema idag er: Blant krigarar, strategar og vanlege folk - forsking i konfliktområde.

Sikkerheit er ei utfordring når ein forskar i konfliktområde, men å sikre at informasjonen ein innhentar er etterretteleg og korrekt er heller ikkje enkelt. Visse spørsmål kan ikkje stillast direkte, informantar vågar kanskje ikkje svare på spørsmål dei oppfattar som kontroversielle, andre ser høve til å målbære sine versjonar av hendingar. Svar må tolkast utifrå den konteksten intervjuet fann stad. Kven ein forskar vel å reise med eller brukar som tolk kan avgjere om folk er villige til å møte ein. Alt dette formar vår kunnskap om folk og konfliktar. Er me gode nok til å sortere og analysere dette?

Arne Strand, assisterende direktør på CMI, som har forsket på og i Afghanistan og Pakistan i mer enn 20 år, i samtale med en gjest.