Alt byrja med ein kamp om ei einsam trelund på Taksimplassen i Istanbul . I fleire månader protesterte tyrkiske naturvernarar fredsælt mot eit styresmaktstøtta prosjekt for å kutte ned trea i byens siste store parkområde til fordel for eit nytt kjøpesenter.

Fredag 31. mai gjekk opprørspolitiet til kraftig åtak på naturvernarane. Ordensmakta skaut ampullar med tåregass, dynka demonstrantane med vasskanonar og tente fyr på telta deira. Bilete av politibrutaliteten spreidde seg som eld i tørt gras på sosiale medium. Store mengder sinte og indignerte medborgarar strauma til Taksimplassen for å slutta seg til den vetle demonstrasjonen. Politiet svarte med endå større brutalitet. Pansra køyretøy krinsa rundt demonstrantane og tjukke lag med tåregass la seg over den grøne lunga. Samstundes spreidde demonstrasjonane seg til fleire andre tyrkiske byar. Plutseleg var det ikkje berre ein demonstrasjon for trær, men mot statsminister Erdogan.

Til trass for vidfemnande opptøyar er statsminister Erdogan framleis Tyrkias mest populære politikar, og fekk om lag halvparten av stemmene i parlamentsvalet i 2011. Han tok saman med det moderat islamistiske regjeringspartiet AKP tok over statsstyringa allereie i 2003. Sidan den gong har den tyrkiske økonomien tredobla seg i størrelse og det allmektige militæret, som seinast i 1997 gjennomførte statskupp, er vingeklippa. Evna til å kombinere moderat islamistisk styre med kraftig økonomisk vekst har gjort Erdogan til ein svært populær mann i eige land, og Tyrkia til ein rollemodell for islamistrørsler over heile Midtausten.

Men demonstrantane ser mørke skyar i horisonten. Først og fremst er mange bekymra over Erdogan og AKPs autoritære tendensar. Erdogan plottar allereie å bli valt som president i 2014. Han har heller ikkje gjort det hemmelig at han ynskjer ei påfølgjande styrking av fullmaktene presidentembetet, noko som gitt skuldingar om at han er på veg til å bli ein ny «sultan».

 Ytringsfridomen har også fått stadig verre kår det siste tiåret. Gjennom drakoniske presselover er Tyrkia blitt det landet i verda med aller flest journalistar i fengsel, føre opent autoritære regime som Iran og Kina. Vidare eigas dei fleste tyrkiske medium av ein business-elite med tette band til regjeringspartiet. I staden for å dekke demonstrasjonane sendte dei laurdags kveld sine sedvanlege program om gourmetmat og brystreduksjonar.  

Samstundes er mange på Taksimplassen bekymra for ei islamistisk dreiing i politikk og samfunnsliv, fremja av regjeringspartiet. Tyrkia er eit land med sterke sekulære tradisjonar. Då er det kanskje ikkje overraskande at innskrenking av alkohollovgivinga har vakt stor harme blant delar av folkesetnaden. Vidare vart den tyrkiske pianisten Fazil Say i april dømd til 10 månadars fengsel for å ha fornærma muslimske verdiar. Fleire av demonstrantane er også sjiamuslimar frå den sjiamuslimske Alevi-minoriteten som kjenner seg under aukande press frå styresmaktene og sunnimajoriteten.  

Statsministaren har heller ikkje reagert utelukkande taktfullt på opptøya. For mange tyrkarar var det iskaldt gufs frå Putins handtering av opptøya i Moskva i 2011 då Erdogan rykka ut og skulda demonstrantane for å stå i ledetog med utlandske makter. Samstundes unnskylda han i motsetnad til den russiske presidenten for politiets overdrivne maktbruk i si handteringa av demonstrasjonane, og har ved høve kommandert politiet til å trekkje seg ut av Taksimplassen. Han har også ymta frampå om at den omstridde bygningen skal innehalde eit moderne museum heller enn eit kjøpesenter.

Demonstrasjonane på Taksimplassen har allereie blitt døypt om til «trerevolusjonen». Men dei er ikkje ein revolusjon, og handlar i liten grad om trær. Truleg ville regjeringspartiet vunne eit parlamentsval dersom det vart gjennomført i dag. Likevel står statsministaren og regjeringspartiet etter eit tiår ved makta fram som arrogante og ute av takt.  Gjennom autoritære tendensar og  islamistisk dreiing har dei framandgjort store delar av det tyrkiske samfunnet.

Fleire bilete av brutal politivold risikerer å støyte vekk langt fleire, og å gi ein svært heit sumar i Istanbul.

Dette ble trykket som kronikk i Bergens Tidende mandag 3. juni