Tal frå det afghanske finansministeriet viser at 60 prosent av Afghanistan sitt bistandsbudsjett i 2010 gjekk til oppbygging av tryggingsstyrkar, politi og rettsvesen. Men afghanarar flest ser lite til dei tryggingstiltaka bistandsmidlane har betalt for. Både militære og sivile tap har auka, og konflikten har spreidd seg til nye område dei siste åra. Korrupsjon er utbreidd, og ein liten maktelite har nytta store delar av bistandsmidlane til eiga vinning. Det formelle rettsvesenet vert mistrudd av mange afghanarar som heller vender seg til det tradisjonelle rettsapparatet dersom dei opplever tvistar dei treng hjelp til å løyse. Kva vil hende når dei internasjonale styrkane er ute? Korleis skal Noreg som bidragsytar forhalde seg til ein afghansk stat som manglar legitimitet og er brennemerka av korrupsjon?

-Eit sentralt spørsmål framover er korleis den langsiktige bistanden til Afghanistan bør innrettast for å sikre at den gjev best mogleg utteljing for dei som verkeleg treng den. Norske myndigheiter må tenke nøye over kva vilkår støtta til Afghanistan skal skje på etter 2014 når afghanske tryggingsstyrkar og leiarar er gjevne større grad av kontroll. Det ligg eit stort ansvar både på den afghanske staten og på internasjonale donorar, seier Arne Strand, forskingsleiar ved Chr. Michelsens institutt.

Han er ein av bidragsytarane i boka ”Exit Afghanistan”. I denne boka, redigert av Gjert Lage Dyndal og Torbjørn L. Knutsen, er ei rekke framtredande Afghanistan-kjennarar inviterte til å kome med innspel i debatten om kva som vil skje når den militære innsatsen no er i ferd med å bli avrunda etter meir enn ti år med internasjonalt nærvære i Afghanistan.

Behov for omdirigering
Noreg har sidan 2001 gjeve 4,6 milliardar kroner til utviklingsstøtte i Afghanistan. Brorparten er av denne støtta har blitt gjeve gjennom fond som afghanske styresmakter, i samarbeid med donorane, har innverknad på. Arne Strand peikar på at det etter 2014 er få alternativ til å kanalisere bistanden gjennom den afghanske staten. Dermed vert det særs viktig å manøvrere rett når afghanarne skal stå for styringa åleine.

Hittil har mange av midla vorte nytta på tryggingstiltak og nedkjemping av Taliban i dei konfliktfylte områda i sør. USA, som den største donoren, har også valgt å gå utanom afghanske styresmakter med si finansiering. Noko av bistandsmidlane har vorte kanaliserte gjennom det militære. Det kan diskuterast om denne strategien har vore vellukka.

-Fattige, men fredelege område med stort utviklingspotensiale har blitt nedprioriterte. Samstundes har mange prestisjeprosjekt i konfliktområda feila, seier Strand.

Den manglande satsinga på langsbygda og jordsbrukssektoren, har ført til at mange afghanske menn i arbeidsfør alder har flytta til byane eller teke seg jobb nabolanda i håp om å kunne forsørge familien. Kvinner, barn og eldre menn blir igjen for å ta seg av jorda åleine.

-Dette har gjort samfunna ekstra sårbare. Dessverre er det også slik at arbeidstilhøva for mange av dei afghanske mennene som reiser ut er dårlege. I fleire tilfelle har arbeidarar døydd i arbeidsulukker, og kvinnene blir ståande att som eineforsørgarar, seier han.

Han meiner at det langsiktige utbyttet ville ha vore større dersom ein i større grad hadde kanalisert pengar inn mot dei fredelege delane av Afghanistan, og inn mot dei felta som har vorte flagga som satsingsområde, som utdanning, helse, landsbygdutvikling og jordbruk. Til trass for at desse felta ikkje gjev stort økonomisk utbytte på kort sikt, representerer dei stabilitet og ei berekraftig utvikling. Innanfor jordbruk, helse og utdanning ligg det også til rette for samarbeid mellom afghanske styresmakter, tradisjonelle strukturar og frivillige organisasjonar, ifølge Strand.

Misvisande vekst
Det internasjonale prosjektet i Afghanistan har skapt ein stat som er heilt avhengig av støtte utanifrå. Ifølge tal frå Verdsbanken utgjorde bistandsmidlar så mykje som 91 prosent av det afghanske brutto nasjonalproduktet i 2010. Til trass for at Afghanistan har hatt ei positiv økonomisk utvikling dei siste åra, er behovet for å endre strategi og dermed skape ei meir berekraftig utvikling sterkt. Den økonomiske veksten er i stor grad knytta til militære investeringar. Denne veksten vil mest sannsynleg gå tilbake etter at dei militære styrkane er trekte ut, ifølge Strand.

-Afghanarar flest opplever eit stort gap mellom lovnadene om tryggleik, demokrati og utvikling og dei resultata som har blitt oppnådde. Dette gapet har ført til at mange ser på det internasjonale engasjementet som ein del av problemet heller enn løysinga, seier Strand.

Publications

Book Chapter | 2012

Frå vondt til verre

Etter mer enn 10 år med krigføring i Afghanistan har noen land resignert og trukket sine militære styrker ut. Andre - som Norge - har tydelig uttalt at de gradvis...
Arne Strand (2012)
in Gjert Lage Dyndal og Torbjørn L. Knudsen, red,: Exit Afghanistan. Tilbakeblikk - og debatt om utviklingen. Oslo: Universitetsforlaget pp. 101-119
Book Chapter | 2011

Afghanistan: Political and cultural complexity

Why is it that we have not seen more positive results in Afghanistan since 2001? What are the major challenges, for the Afghans and for us? Security has worsened in many...
Arne Strand (2011)
in Torgeir E. Sæveraas, red.: 8 år i Afghanistan, quo vadis? Et seminar om militær maktanvendelse. GILs luftmaktseminar 2010. Trondheim: Tapir pp. 39-45. (Luftkrigsskolens skriftserie, vol.23)
CMI Report | 2011

Between two societies: Review of the information, return and reintegration of Iraqi nationals to Iraq (IRRINI) programme

The Information, Return, and Reintegration of Iraqi Nationals to Iraq (IRRINI) programme was established in 2008 by the Norwegian Directorate of Immigration (UDI) to facilitate the voluntary return and reintegration of persons from...
Arne Strand, Synnøve Bendixsen, Erlend Paasche, Jessica Schultz (2011)
Bergen: Chr. Michelsen Institute (CMI Report R 2011:4) 125 p.
CMI Report | 2010

Afghan hydrocarbons: A source for development or for conflict? A risk assessment of Norwegian involvement in development of the Afghan oil and gas industry

Norad has been engaged in capacity building and provision of technical support to the Afghan Ministry of Mines since 2007. A part of this engagement relates to the development of...
Arne Strand, Mohammad Hakim, Sediqa Newrozi, Akbar Sarwari and Aled Williams (2010)
Bergen: Chr. Michelsen Institute (CMI Report R 2010: 5) 37 p.