Sidan november 2020, mindre enn eitt år etter at Etiopias statsminister Abiy Ahmed fekk Nobels Fredspris, har etiopiske føderale styrker kjempa ein væpna kamp mot Tigray People’s Liberation Front i det nordlege Etiopia. Det den etiopiske regjeringa først skildra som ein kortvarig lov og orden-operasjon har no blitt ein omfattande krig med innblanding frå nabolandet Eritrea og skuldingar om massakrar og seksuell vald mot sivile. Korleis kunne dette skje? Vi snakkar om bakgrunnen for konflikten, dei ulike aktørane og konsekvensane av krigen for Etiopia som stat.

Recent CMI publications: