Kristin Skogen Lunds forteljing om norske verksemders aktivitet i utviklingsland manglar rot i røynda.

Tragedien i In Amenas synte at norsk offentlegheit treng ærleg debatt og kunnskap om den vanskelege verkelegheita vi ofte trår inn i når vi investerer i fjerne land. Dersom NHO vinn fram med sin skjønnmåling av alle utlandsinvesteringar kjem vi aldri dit. Utviklinga i forholdet til i Afrika gir eit godt utgangspunkt for å drøfte om norske verksemder kan gjere hevd på ein etisk eksepsjonalisme.

Tradisjonelt har norsk engasjement på kontinentet vore prega av svake økonomiske interesser. Det har mogeleggjort eit fokus på solidaritet og kamp mot fattigdom, og slik bidrege til å gi Noreg eit globalt ry som ein usjølvisk bistandsaktør.

No veks derimot afrikanske økonomiar frå Ghana i vest til Mosambik i aust som aldri før. Over halvparten av verdas ti raskast veksande økonomiar ligg sør for Sahara, og der Aust-Asia i førre hundreår vart kjent for sine «tigrar» har dei sprekaste av dei afrikanske økonomiane blitt døypt om til «løveøkonomiar».

Det er eit merkverdig imageløft for land som oftast vert forbunde med bilete av krig, svalt og nød. Den raske veksten fell også saman med meir robuste demokratiske regime i fleire land: I laupet av 2012 gjekk folket i heile 15 afrikanske nasjonar til valurnene.

Både vekst og meir politisk stabilitet gjer våre økonomiske interesser i regionen stadig sterkare: Kva trer ut når tradisjonell norsk utviklingspolitikk møter sterke næringslivsinteresser i døra? Dei norske investeringane i Angola, estimert til 70 milliardar kroner, gir på grunn av sin enorme storleik eit høveleg døme.

I eit innlegg hjå NRK Ytring i januar trakk Peter Brubakk, næringspolitisk direktør i NHO, jamvel fram Statoils skattebidrag til den angolanske statskassa for å syne kor mykje norsk næringsliv bidreg til utvikling i fattige land.

På overflata høyres det kanskje flott ut at norske bedrifter pumpar store summar oljepengar inn i ei afrikansk statskasse, og passar som hand i hanske inn i NHOs PR-kampanjar. Men lat oss ta ein nærare titt.

Sidan den nesten tre tiår lange borgarkrigen tok slutt i 2002 har Angola opplevd eventyrleg økonomisk vekst og gått frå å vera eit låginntektsland til mellominntektsstatus. Veksten har i stort mon vore driven av høgare oljeprisar og utbygging av petroleumssektoren, men ikkje falle saman med ei betring av levekår for det breie lag av angolanarar.

Til trass for rikdomsauka scorar Angola nemleg lågt på dei fleste økonomiske, politiske og humanitære mål i både regional og internasjonal samanheng. Den angolanske staten vert definert som ein autoritær eittpartistat, og president José Eduardo dos Santos har haldt på makta i heile 33 år. Vidare er Angola rangert som eit av verdas mest korrupte land, og scorar lågt på både politisk fridom og menneskerettar. To tredjedelar av folkesetnaden lev til trass for velstandsauken for under to dollar dagen.

Men ikkje alle er like fattige. Ein krins rundt familien til president dos Santos har tent seg svimlande rike på oljeboomen. Den ekstreme velstanden til landets elite har gitt Angola ein av verdas mest skeivfordelte økonomiar og gir saman med endemiske korrupsjon fleire bisarre utslag.

Kvart parlamentsmedlem tok imot etter valet i 2008 kvar sin personlege BMW og ei innsetjingsgåve på ein million dollar – ein afrikansk rekord. Hovudstaden Luanda vart i 2011 kåra til verdas dyraste by å leve i, og gjekk dermed føre byar som Genève, Tokyo og Oslo.

Den politiske og økonomiske situasjonen hjå vår desidert største handelspartnar i Afrika er altså kjenneteikna av ekstrem skeivfordeling, ein korrupt elite og ein autoritær stat – ei antitese for demokratiske og egalitære ideal. Forholdet til Angola har i sitt einsidige fokus på næringsinteresser meir til felles med kinesisk Afrika-politikk enn NHOs portrett av ein velmeinande samaritan.

Ved å danne ein finansiell hjørnestein for det angolanske diktaturet, bidreg norsk næringsliv i stort mon til at det sit trygt på sitt eige oljeberg.

Kronikken stod på trykk i Bergens Tidende 27.04.2013