ISRAEL SLÅR NÅ ned palestinsk uro i Aust-Jerusalem med hard hand. Dette vil likevel ikkje forhindre meir uro og vald i byen, fordi dette er symptom på ein israelsk politikk som diskriminerer og krenker palestinsk liv i Aust-Jerusalem.Valden i Jerusalem toppa seg med fleire brutale drap i november i år, men uroa hadde auka sidan forsommaren 2014. I juni blei tre unge jødiske studentar på ein yeshiva på Vestbredden drepne. Like etter blei ein 16 år gammal palestinar slått og brent levande som hemn, og dei neste dagane braut det ut opprør i Aust-Jerusalem. Sidan krigen mot Gaza starta ei veke seinare, har det vore steinkasting og protestar dagleg.

STRIDEN OM JERUSALEM blir ofte vinkla som ein uløyseleg religiøs konflikt. I gamlebyen i Aust-Jerusalem ligg Haram al-Sharif/Tempelhøgda, som er den tredje mest heilage staden i islam, og den mest heilage staden for jødar. Etter historiske avtaler kan berre muslimar be på høgda. Sidan 1967 har israelsk politi kontrollert inngangen, og provokasjonar her har ofte ført til sterke palestinske reaksjonar. Slike reaksjonar er først og fremst eit resultat av politiseringa av religiøse stader, den israelske okkupasjonen og presset mot palestinsk Aust-Jerusalem. Når palestinarar stadig blir avviste ved portane, blir det opplevd som krenkande. Samtidig har presset auka frå jødiske grupper på israelsk høgrefløy som arbeider for at jødar skal kunne bebygge det tredje tempelet der Klippedomen står. Slike grupper kan kome til å provosere ukontrollerte svar, langt utover Aust-Jerusalems gater.

Israel annekterte Aust-Jerusalem få veker etter at området hadde blitt erobra frå Jordan under Seksdagarskrigen i juni 1967. Det internasjonale samfunnet vurderte anneksjonen som eit brot på internasjonal lov, og definerte Aust-Jerusalem som okkupert. Med anneksjonen blei dei palestinske innbyggjarane i byen eit problem. Målet bak den israelske politikken har derfor vore å skape ein demografisk og geografisk situasjon der Israels suverenitet over heile Jerusalem ikkje kan utfordrast.

EIT DØME PÅ DETTE kan ein sjå i den arabiske bydelen Silwan, like sør for bymuren til gamlebyen i Aust-Jerusalem. Her, mellom 40.000 palestinarar, bur nå 500 israelske busetjarar. Dei siste månadene har stadig nye israelske familiar tatt over hus og flytta inn. Dette er årsaka til at Silwan er blitt ein hotspot, og kjelde til palestinske frustrasjonar og protestar. Medan israelsk politi og tryggingsbyrå vernar busetjarane, dokumenterer FN ein auke i vald frå desse. I dag bur om lag 200.000 israelske busetjarar i Aust-Jerusalem. Internasjonal lov definerer dette som illegale busetjingar. I Israel er dei kalla «nabolag», og dei er ikkje politisk omstridde.

I ISRAELSK PERSPEKTIV er Jerusalem den evige, foreinte hovudstaden. For palestinarane, som ønsker Aust-Jerusalem som sin hovudstad, er dette ein fragmentert og marginalisert by. Historisk var Jerusalem sentrum for handel, kultur og politikk for palestinarane. Slik er det ikkje lenger. Muren, som strekk seg frå nord på Vestbreidda mot sør, skil Jerusalem frå palestinsk omland. I tillegg har ein fjerdedel av Jerusalem-palestinarane hamna i eit ingenmannsland på Vestbreidda-sida av muren, men innanfor kommunen Jerusalem. Eit døme på slik ekskludering er flyktningleiren Shu’fat. Her er høg arbeidsløyse, dårlege buforhold, kriminalitet, og ikkje minst uro og steinkasting. Israelsk politi grip heller ikkje inn for å tryggje palestinarane i Aust-Jerusalem.

EI ANNA VIKTIG ÅRSAK til palestinske frustrasjonar er at Jerusalem-kommunen marginaliserer dei gjennom byplanlegging og byråkrati. Sjølv om dei betaler skatt, mottar dei ikkje meir enn ti prosent av bybudsjettet. Sidan 1967 har det ikkje blitt bygd eit einaste nytt palestinsk nabolag i Aust-Jerusalem. Det er heller ikkje lov å utbetre eller byggje nye hus. Når ein palestinsk familie veks, kan dei flytte frå byen, eller byggje ulovleg, og risikere nedriving. Resultatet av denne politikken er slum, frustrasjonar og tap av håp.

ETTER 1967 FEKK dei palestinske innbyggarane i Aust-Jerusalem tilbod om israelsk statsborgarskap. Meir enn 95 prosent har nekta dette, fordi det signaliserer ei legitimering og anerkjenning av den israelske okkupasjonen. Dei fleste palestinarane har såkalla «permanent opphaldsløyve», og ikkje statsborgarskap. Med denne statusen er deira rett til å bu i byen usikker. Dei må regelmessig bevise si tilknyting til Jerusalem gjennom omfattande dokumentasjon. Tal frå International Crisis Group viser at meir enn 7000 palestinarar — av om lag 300.000 - mista retten til å bu i Jerusalem berre mellom 2006 og 2011. 

JERUSALEM-PALESTINARANE opplever politisk avmakt, isolasjon, og mangel på representasjon. Ein årsak til det, er at Shin Bet, Israels interne tryggingsbyrå, har slått hardt ned på opposisjon mot den israelske okkupasjonen. Palestinsk organisert liv har nærast blitt utviska. Samtidig lever palestinarane her i ei schizofren røynd der deira okkupantar òg er deira kommunale representantar. I dag er Ramallah palestinarane si nasjonale adresse. Men dei palestinske styresmaktene i Ramallah har verken jurisdiksjon eller truverd i Jerusalem.

ISRAELSK ETTERRETNING har stadfesta at dei palestinske angrepa dei siste månadene har vore ukoordinert vald utan leiarskap. Einsame ulvar har kryssa over på den israelske vestsida av byen, som ikkje er fysisk avstengd frå aust. Med ein vag fiende søker Israel å slå hardt ned på uro i Aust-Jerusalem. Det inneber raid inn i urolege nabolag, utvida politistyrke og arrestasjonar, også av mindreårige. Andre typar diskriminerande reaksjonar kan ein sjå i lovverk og byråkrati. I desse dagar stemmer Knesset over eit forslag til lov som vil kunne føre til heile ti års fengsel for steinkasting. Dei siste månadene er også praksisen med kollektiv straff - som er illegal etter humanitær lov - aktivert igjen. Husa til familiane etter dei som har utført terroraksjonar mot israelarar rivast. Desse familiane har også mista retten til helse- og sosiale tenester, og kan bli utvist til Vestbredden. Spørsmålet er kor lenge situasjonen i Aust-Jerusalem kan haldast under relativ kontroll.

FOR ISRAEL har ein langvarig status quo utan fredsavtale med palestinarane fungert. Med fredsforhandlingar i ruinar, søker palestinske styresmakter å få FNs tryggingsråd til å sette ein dato for å avslutte okkupasjonen. Samtidig blir tryggingssamarbeidet mellom Israel og dei palestinske styresmaktene vidareført. Den palestinske presidenten Abbas støttar ikkje uro og opprør; palestinske sikkerheitsstyrker slår ned teikn til uro på Vestbreidda. Men den sporadiske valden og motstanden vil halde fram så lenge Israel held fast på kravet om heile byen.

Kjersti G. Berg

Associated researcher

Recent CMI publications: