I år er det 200 år sidan det vart sett rett i Høgsterett for fyrste gong. Domstolen har alltid vore ein aktør i norsk samfunnsstyring, men aldri utøvd meir statsmakt enn i dag. Likevel er det til no forska svært lite på Høgsterett. Men i samband med jubileet har det vorte skrive fire bøker om domstolen, der tre av bøkene spring ut av miljøet for domstolsforsking ved Universitetet i Bergen. To av bøkene vert presentert på denne lanseringa, og representerer ei samfunnsvitskapleg og eit historisk perspektiv på Høgsterett som den øvste domstolen i Noreg.